blank Fylkesordførar Åshild Kjelsnes markerte anleggsstarten for rassikring i Bukskredene på Veitastrondsvegen
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes markerte anleggstarten for rassikringa i Buskredene langs Veitastrondsvegen. Maskinkøyrar Jan Arne Fredheim instruerer. (Foto: Statens vegvesen)
blank
Fylkesordføraren tok første gravemaskinskuffa på rassikringa i Buskredene langs Veitastrondsvegen
Arbeidet med å sikre Buskredene langs fv. 337 Veitastrondsvegen mot ras starta i dag 21. mai. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes markerte anleggsstarten måndag morgon.

– Eg er veldig glad for å få markere at vi no er gang med å sikre Buskredene på vegen mot Veitastrond. Dette er eitt av dei farlege raspunkta på denne vegen, og det er svært viktig å få eliminert dette, seier fylkesordføraren.

Statens vegvesen har skrive kontrakt med entreprenør Brødrene Lomheim AS for bygging av rasvollane. Prosjektleiar i vegvesenet, Stein Idar Dyngen, seier at tryggleiken for entreprenøren vert vurdert fortløpande, sidan arbeidet går føre seg i eit område som er utsett for snøskred. Skredsikringa skal etter planen vere ferdig i 2013.

Krev auke i rassikringsmidlane
Fylkesordføraren understrekar at det står att fleire andre rassikringsprosjekt langs vegen mellom Veitastrond og Hafslo.

– Bjødnabakken og Lindeskredene står på dagsorden for fylkespolitikarane no. Det er også umåteleg viktig at alle gode krefter seier frå i høyringa til Nasjonal transportplan. Vi må melde tilbake at vi forventar at at rassikringsmidlane både til riks- og fylkesvegar vert auka i tråd med kravet frå mellom anna den nasjonale rassikringsgruppa, slår Kjelsnes fast.

For meir informasjon
Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no  


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 21. mai 2012 - kl. 13:22


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2013