blank Kultur_illustrasjon_Bulandet_skulptur
Illustrasjonsfoto.
blank
Tilskotsordningar – søknadsfrist 15. januar 2014
Du kan søkje Sogn og Fjordane fylkeskommune om økonomisk støtte. Vi lyser no ut midlar til tiltak innan kulturarbeid, kulturutvikling, friluftsliv, viltforvaltning, fysisk aktivitet og folkehelse. Søknadsfrist er 15. januar 2014.

Nye stipend
I 2014 vert stipendordninga til kunstnarar utvida med inntil 3 nye stipend til utøvarar innan andre uttrykk, slik som litteratur, musikk, scenekunst og dans. Ordninga med dei nye stipenda skal bidra til å fremje kunstaktivitet hjå profesjonelle utøvarar som bur og arbeider i fylket. Den utvida ordninga gjeld for 2014, og skal evaluerast i løpet av det kommande året.

Vi har samla all informasjon om tilskotsordningane våre på ei eiga side. Der finn du detaljar om dei enkelte ordningane, og du kan finne ut kva som må til for å søkje på dei.
 
Du finn retningslinjer, søknadsskjema og søknadsfristar inne på sidene til kvar enkelt ordning.

Tilskotsordningane til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Publisert av: Guro Høyvik
Dato: 11. desember 2013 - kl. 13:27


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 11/24/2014