blank TskjKmin200
Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa fekk t-skjorte og bøker. Fra venstre Knut Henning Grepstad, fylkeskommunen, Meltveit Kleppa, Siri Heggenes, fylkeskommunen og Merete Myklebust, fylkeskommunen.
Juristgjeng200
Frå venstre: Knut Henning Grepstad og Siri Heggenes, fylkeskommunen, Borgtor Bøyum, Skatteetaten, Merete Myklebust, fylkeskommunen, Liv Kristin Veum, Skatteetaten, Johannes Hamre, Statens vegvesen og Turid Måseide, fylkesmannen.
MereteMyklebust200
Merete Myklebust var prosjektleiar for den vellukka standen på Juristdagen.
blank
Juridisk aha-oppleving for kommunalministeren
"Eg fekk ei aha-oppleving då eg såg namnet Leikanger mellom alle bynamna der det skulle vere stand på Juristdagen," sa kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Ho dukka opp på standen til juristane i "Saften" allbrukshus i Leikanger laurdag 26. september.


Då ho vitja standen vart ho teken imot av sju juristar med den lokale prosjektleiaren, 25 år gamle Merete Myklebust i spissen. Den unge juristen frå Ålfoten i Bremanger tok juridikum i juni i år og gjekk rett til jobb i fylkesrådmannen sin stab i fylkeskommunen.
”Eit juristmiljø som tel rundt 100 medlemmer i juristforeininga i bygdemiljøa Leikanger-Sogndal er uventa og interessant. Dette må eg finne meir ut av. Vi har jo nett gitt ut Stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken. Der har vi eit eige tema om å tilby kompetansearbeidsplassar i distrikta, og så kjem eg hit og ser at her har de fått akkurat det til, og at desse miljøa tilbyr tenester til heile fylket,” sa ein imponert kommunalminister.
Juristveteranen i fylkeskommunen Knut Henning Grepstad overrekte kommunalministeren bøker om fylket vårt.

Mykje upløygd mark
Prosjektleiar Merete Myklebust fortel at ei undersøking som Noregs Juristforbund har utført viser at 47,6 prosent av nordmennene ikkje veit kvar dei kan få juridisk hjelp når dei treng det. Ho kunne gle seg over ein jamn straum av interesserte som vitja standen i myldrearealet i ”Saften”, allbrukshuset i Leikanger som er ombygt frå saftfabrikk for Lerum til sentrumsbygg med butikkar, idrettshall og tilhaldsstad for Sogn Avis og Husabø Prenteverk
”Eg trur dette er med og skapar betre samhald og markerer at vi faktisk har mange juristar som kan gje folk svar på spørsmål dei lurer på,” seier Myklebust. Ho er stolt over at dei har fått dette til som den einaste plassen i Sogn og Fjordane. På landsbasis er det 18 kommunar fordelt på 13 fylke som stilte med stand på juristdagen.
”Det er fint å kunne nytte ein slik dag til å synleggjere at juristar jobbar med veldig mange område i samfunnslivet,” seier Merete Myklebust. Ho tykkjer det er eit tankekors at 40 prosent av befolkninga ikkje veit at kommunen pliktar å syte for at folk får juridisk hjelp til dømes innan gjeldsrådgjeving, skule og omsorg.


Publisert av: Henning Rivedal
Dato: 26. september 2009 - kl. 15:40


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Bjørn Birger Bremer
Teknisk ansvarleg: Daniel Carocca Montero

  Oppdatert 07/29/2010