blank blank
103,5 mill. kr. til regional utvikling
Tilskotet gjennom statsbudsjettet til regional utvikling i Sogn og Fjordane aukar med vel 5 mill. kr. Dette tilsvarar ein realvekst på om lag 2 mill kr. frå 2010 til 2011.

I løyvinga er det også inkludert eit tilskot til omstillingsarbeid på 9 mill. kr. Noko som samsvarar med summen for 2010.

Mesteparten av auken i midlar til regional utvikling er knytt til kommunale næringsfond. Løyvinga til kommunale næringsfond er på 18,5 mill. kr., ein auke på 4 mill. frå 2010.

Tilskotet til regional utvikling vert nytta til ei stor rekke utviklingstiltak. Mellom anna tilskot til Innovasjon Norge, forsking og utvikling, kommunal næringsutvikling, tettstadutvikling, samfunnsutvikling og næringstiltak innan til dømes fornybar energi, havbruk og fiskeri og reiseliv.

Etter årsskiftet vil fylket også få kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift.


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 3. november 2011 - kl. 14:42


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 09/22/2014