Arkitektgruppen CUBUS as vann plan- og designkonkurranse for formidlingssenter i Gulen
Den bergensbaserte arkitektgruppa CUBUS får 300 000 kroner etter at dei gjekk sigrande ut av konkurransen om å utforme eit formidlingssenter på tusenårsstaden Gulatinget i Gulen. Juryen meiner deira forslag “Gjennom skaret” var det beste av dei 44 som kom inn.
Juryen grunngjev avgjerda med at “Gjennom skaret” er det forslaget som gjev den beste heilskapsløysinga av bygg- og landskapstilpassing, og skriv m.a. dette i grunngjevinga: Bygget er plassert i nord-sørretninga, som ei enkel og langstrakt form, som tilpassar seg og forsterkar dei naturgjevne fjellformasjonane og siktlinjene på tusenårsstaden.
Står på eigne bein
Premien vart delt ut av fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal, i Eivindvik tysdag.
– Eg er svært glad for at vi no er komne eit steg vidare med å realisere eit visningssenter på Gulatinget. Tusenårsstaden er eit viktig historisk monument for heile fylket og heile vestlandet. Formidlingssenteret vil gje oss nye moglegheiter for å synleggjere kor viktig Gulatinget har vore for vestlandet og nasjonen, seier Nils R. Sandal.
– Vi hadde mange spennande alternativ å velje mellom, men den vi enda opp med glir godt inn i landskapet, men står også på eigne bein. Det er eit interessant bygg som har ein god funksjonalitet, seier juryleiar og ordførar i Gulen, Trude Brosvik. Dorte Mandrup Arkitekter Aps, København og CODE:Arkitektur as, Oslo deler andre plassen i konkurransen og får 150 000 kroner kvar. I tillegg får div.A arkitekter as i Oslo heiderleg omtale.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt ansvaret for gjennomføringa av plan- og designkonkurransen, og tusenårsstaden Gulatinget er eit samarbeidstiltak mellom fylkeskommunen og Gulen kommune.
Vidareutvikling av tusenårsstaden
Tusenårsstaden vart opna 27. august 2005, og står i dag fram som ein offentleg park og kulturarena med Bård Breivik sine kunstinstallasjonar som hovudelement. I tillegg er staden utvikla med tilrettelegging av blant anna aktivitetsområde, gangvegar og turstiar, og det planlagde formidlingssenteret er ei vidareutvikling av anlegget.
– Planane om eit formidlingsbygg har følgt utviklinga av tusenårsstaden over lang tid. Det er utarbeidd rom- og funksjonsprogram for bygget, som er tenkt realisert som eit fleirbrukshus som skal innehalda utstilling og formidling av historia knytt til Gulatinget og vera arena for møte, konferansar og lokal og regional kulturaktivitet, seier bygg- og eigedomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund.
Det blir no arbeidd med å få finansieringa av formidlingsbygget inn i investeringsplanen til fylkeskommunen, og denne skal handsamast av fylkestinget i desember. Det er føresett at både Gulen kommune og staten tek del i finansieringa av bygget saman med fylkeskommunen.
Les den fullstendige vurderinga til juryen i juryrapporten
Desse sat i juryen i plan- og designkonkurransen:
Trude Brosvik, representant for Gulen kommune, juryleiar
Ordførar, Gulen kommune
Berit Høivik, representant for Musea i Sogn og Fjordane
Avdelingsdirektør ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Torolf Norheim, representant for Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Seniorrådgjevar, Sogn og Fj. Fylkeskommune
Nils Gjerland, representant for Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Ordførar, Førde kommune
Jostein Korsnes, oppnemnd av Norske Arkitekters Landsforbund
Sivilarkitekt MNAL, Asplan Viak as, Stavanger
Rune Tangstad, oppnemnd av Norske Arkitekters Landsforbund
Sivilarkitekt MNAL, Arkitektfirma Jon Vikøren as, Vik i Sogn