blank Fordefestivalen1 blank
Meir til kultur
Sogn og Fjordane Teater, Førdefestivalen og Opera Nordfjord får til saman 2,1 millionar kroner meir å rutte med til neste år.


- Det er positivt for kulturlivet i Sogn og Fjordane at det kjem meir midlar til institusjonane i vårt fylke. Sjølv om dette også er i tråd med regjeringa sine signal om at dei statlege kulturmidlane skal få ei jamnare fordeling rundt om i landet, har vi i Sogn og Fjordane ein veg å gå i høve det å sikre oss større del av statlege kulturkroner, seier Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur.

 
Saknar aktive strategiar
- Ei av utfordringane er at regjeringa finn gode strategiar for si satsing på kulturskular og bibliotek (Kulturløft 2), oppgåver som er reint kommunale. Slik denne styrkinga er lagt opp så langt, vert det stort fokus på prosjektretta utviklingsarbeid, og på at kommunane er aktive i sine utviklingsstrategiar for desse felta, held kulturdirektøren fram.
 
Ut på turne
Sogn og Fjordane teater får eit statleg tilskot på 15,7 mill kr i 2010. Dette er ein auke på 1,5 mill i høve 2009. Auken føreset at det fylkeskommunale tilskotet samstundes vert auka med om lag 0,5 mill kr. Auken i løyvinga vil gi rom for vidare kunstnarleg satsing, og til turnering i fylket.
Førdefestivalen
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får eit statleg tilskot på 4,1 mill kroner i 2010. Auken på 100.000 kroner føreset ein samtidig auke i det fylkeskommunale tilskotet på 0,05 mill kroner. Førdefestivalen er leiande i Noreg på sitt felt.
Opera
Opera Nordfjord får eit statleg tilskot på 2,9 mill kroner i 2010. Dette er ein auke på 0,5 mill kroner samanlikna med 2009. Auken føreset ein auke i det fylkeskommunale tilskotet med om lag 0,2 mill kr. 

Publisert av: Elianne Eggum
Dato: 3. november 2011 - kl. 14:38


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 10/24/2014