blank Stryn VGS
Stryn vidaregåande skule får ei ekstra gruppe vg1 studiespesialiserande skuleåret 2012-2013.
blank
Hovudutvalet har justert opplæringstilbodet for skuleåret 2012-2013
Hovudutvalet for opplæring justerte opplæringstilbodet for komande skuleår i møtet 28. mars. Dei bestemde blant anna at Stryn vidaregåande skule får ei ekstra gruppe med vidaregåande trinn 1 (vg1) studiespesialiserande.

Det no endeleg avgjort kva utdanningsprogram, og kor mange grupper, som startar opp på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane til hausten. 4899 har søkt om skuleplass i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane i år.

Hovudutvalet gjorde to endringar ved Stryn vidaregåande skule. Dei oppretta ei ekstra gruppe vg1 studiespesialiserande og tok vekk ei gruppe vg1 bygg- og anleggsteknikk. Høgre og Venstre fremja også eit framlegg om å opprette ei ekstra gruppe vg1 medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule. Dette vart stemt ned med seks mot tre røyster.
 
Justert tilbod
Utanom endringane ved Stryn vidaregåande skule, følgde hovudutvalet tilrådinga frå fylkesdirektøren og vedtok slike justeringar av det opphavlege tilbodet:
 
Dale vidaregåande skule
vidaregåande trinn 2 Byggteknikk vert ikkje sett i gang
 
Hafstad vidaregåande skule
vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering vert auka med ei gruppe
 
Flora vidaregåande skule
vidaregåande trinn 2 Sal, service og tryggleik vert ikkje sett i gang.
 
Måløy vidaregåande skule
vidaregåande trinn 1 Teknikk og industriell produksjon vert auka med ei gruppe
vidaregåande trinn 2 Maritime fag vert auke med ei gruppe
vidaregåande trinn 1 TAF- Helse- og sosialfag vert ikkje sett i gang
 
Firda vidaregåande skule
vidaregåande trinn 2 Helsearbeidarfag vert ikkje sett i gang
 
Eid vidaregåande skule
vidaregåande trinn 2 Industriteknologi vert auka med ei halv gruppe
vidaregåande trinn 2 Industriell møbelproduksjon vert auka med ei halv gruppe
 
Stryn vidaregåande skule
vidaregåande trinn 2 Arbeidsmaskiner vert ikkje sett i gang
 
 
For meir informasjon
Norvall Nøringset
leiar for hovudutvalet for opplæring
e-post: norvall.noringset@sfj.no

Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 28. mars 2012 - kl. 13:32


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/24/2013