blank Illustrasjonsfoto Oppreisingsordninga blank
Oppreisingsutvalet fordelte 2,25 millionar kroner
Det var møte i oppreisingsutvalet 20. juni. Der fekk to personar innvilga 725 000 kroner i oppreising, og ein fekk innvilga 500 000. Ein annan person fekk medhald i klagen sin og fekk auka oppreisingsbeløpet frå 300 000 til 500 000 kroner.

Oppreisingsordninga er oppretta for personar som vart utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Av dei fire som fekk innvilga oppreising i denne omgang, var tre plasserte i institusjon og ein i fosterheim. Søknadane gjeld kommunar i Nordfjord og Sogn.

Oppreisingsutvalet handsama til saman sju saker i møtet 20. juni. I eitt tilfelle vart det ikkje ytt oppreising, og ein person fekk avvist klagen då søknaden fall utanfor ordninga. I tillegg fekk ein person avvist klagen sin om å få dekt advokatutgifter.

Oppreisingsutvalet avgjer saker som kjem inn til oppreisingsordninga. Alle kommunane i Sogn og Fjordane er med i ordninga, og det er fylkeskommunen som driftar ho.

Det ligg no åtte nye saker til handsaming hjå sekretariatet. Desse skal handsamast av oppreisingsutvalet 4. september. Også desse sakene gjeld plasseringar både i fosterheim og i institusjon.

Meir om oppreisingsordninga

For meir informasjon
Karen Steingildra
konsulent i oppreisingsordninga
telefon: 57 65 61 45
e-post: karen.kristine.steingildra@sfj.no


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 26. juni 2012 - kl. 13:47


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/23/2013