blank illustrasjon skule blyant blank
Norconsult AS skal føreslå modellar for framtidig skulestruktur
Konsulentselskapet skal hjelpe fylkeskommunen med korleis skulestrukturen for vidaregåande opplæring skal sjå ut i framtida. Politikarane skal måndag 27. august gje Norconsult nærare rammer og føringar for korleis dei skal løyse oppdraget.

Fylkeskommunen arbeider med å lage ein skulebruksplan. Denne skal vise korleis vidaregåande opplæring bør organiserast, og korleis fylkeskommunale bygg og eigedomar skal nyttast i framtida.

Arbeidet vert leia av ei politiske styringsgruppe – planutvalet. Fylkesrådmannen legg fram arbeidsdokument for utvalet, som gjennom tilbakemeldingar på desse styrer det vidare arbeidet.

Legg fram modellar i november
Planutvalet skal handsame det tredje arbeidsdokumentet måndag 27. august. Norconsult deltek på møtet for å gå gjennom arbeidet dei skal gjere for fylkeskommunen. Konsulentselskapet har fått i oppdrag å lage tre framlegg til modellar for korleis vidaregåande opplæring skal organiserast i framtida.

Politikarane i planutvalet vil i møtet kome med nærare føringar og rammer for dette arbeidet. Det er planutvalet som vel kva modellar som skal greiast ut vidare, etter at desse vert lagde fram i november.

Grunnlaget for vidare arbeid
Det tredje arbeidsdokumentet handlar om grunnlaget for det vidare planarbeidet. Fylkesrådmannen legg fram føresetnader og problemstillingar knytte til forvalting av eigedom, kvalitet på opplæring, arbeidsgjevaransvar og innspel frå dei tilsette.

Han legg også opp til at planutvalet skal drøfte omfanget av vaksenopplæring og eventuell samanslåing av vidaregåande skular.

Fylkestinget skal etter planen vedta skulebruksplanen i juni 2013.

Arbeidsdokument 3

For meir informasjon
Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf. 415 30 932
e-post: tore.eriksen@sfj.no 

Per Jørgen Loen
assisterande fylkesdirektør for opplæring
tlf. 415 30 893
e-post: per.jorgen.loen@sfj.no  


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 15. februar 2013 - kl. 11:57


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/22/2013