blank Hilmar Høl‚ Arbeidarpartiet
Leiar for hovudutvalet for plan og næring, Hilmar Høl, foto: Kristjan Logason/Sogn og Fjordane fylkeskommune
blank
Lærdal Elveeigarlag/NIVA AS får inntil 3 millionar kroner til gjennomføring av prosjekt på sjøaure
Hovudutval for plan og næring gjekk i møtet den 22. mai inn for å sette av inntil 3 mill. frå marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane til prosjektet «Næring og naturressurser i samspill: Etablering av kunnskapsgrunnlag for bruk av sjøaure som indikator på en bærekraftig oppdrettsnæring i Sogn 2012-2015».

Bak søknaden står eit konsortium sett saman av Lærdal Elveeigarlag, Aurland Elveeigarlag, Erco Seafood AS, Firda Sjøfarmer AS, Fjord Forsk Sogn AS, Marine Harvest Norway AS, Osland havbruk AS, Sulefisk AS,  Sogn Villaksråd, NTNU, Veterinærinstituttet og NIVA.
 
Kunnskap om sjøauren
Prosjektet er først og fremst basert på kunnskapsinnhenting om sjøauren i Sognefjorden. Prosjektet er delt opp i ulike arbeidspakker. Arbeidspakke 1: For å danne seg eit bilete av vandringsmønsteret til sjøauren frå Lærdals- og Aurlandselva, vil ein nytte akustiske merker på fisken og lyttebøyer i fjordsystemet, og samle inn data om dette. Arbeidspakke 2: Berekne kor sannsynleg det er for auren å bli infisert av lakselus ved gjevne posisjonar. Arbeidspakke 3: Undersøke helsestatus på både smolt og vaksen fisk frå Lærdalselva. Arbeidspakke 4: Gjennomføre ein mellomskala habitatkartlegging der ein søker å kvantifisere inngrep i vassdraga og kva dette har å seie for leveområda til fisken.
 
Prosjektet søkte i utgangspunktet om 4,4 mill. kr, men hovudutalet vil gå inn for delfinansiering til arbeidspakke 1 (vandringsmønsteret til sjøauren) og 3 (den fysiologiske tilstanden og helsetilstand til utvandrande smolt), som dei finn mest relevant i høve til utlysinga.
Hilmar Høl, leiar i hovudutvalet, meiner dette er eit spennande og interessant prosjekt, sidan kunnskapen om sjøaure er svært mangelfull, også nasjonalt sett. - Å få meir kunnskap om sjøauren er viktig for fylket, både med tanke på å vidareutvikle eit turistfiske og med tanke på lokalisering av oppdrettsanlegg og rutinar for avlusing, seier Høl.
 
Marint Verdiskapingsfond Sogn og Fjordane
Fylkeskommunen oppretta eit fond for marin verdiskaping i Sogn og Fjordane i 2010. Fondet disponerer 11 millionar kroner, og skal gå til prosjekt som kan bidra til ei berekraftig utvikling av akvakulturnæringa og samstundes auke den lokale verdiskapinga. Dette var første utlysinga i fondet.
Samla kom det inn totalt åtte søknadar til fondet i 2012, med ein samla søknadssum på nær 13 mill. kr. Totalkostnad for alle prosjekta var meir enn 41 mill. kroner.  
 
 

Publisert av: Lisbeth Bringebøen
Dato: 23. mai 2012 - kl. 11:39


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2013