blank illustrasjon skule blyant
Foto: www.morguefile.com
blank
Vidaregåande opplæring for vaksne – ledige plassar skuleåret 2012/2013
Sogn og Fjordane fylkeskommune har ledige plassar i vidaregåande opplæring for vaksne. Dette gjeld fag til generell studiekompetanse og fellesfag i yrkesfaglege utdanningsprogram. Søknadsfrist snarast.

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Vaksne utan rett kan òg få opplæring så langt det er plass på kurset, men vert prioriterte etter dei med rett ved inntak. Deltakarane med rett til vidaregåande opplæring får låne lærebøker.

Du kan søkje på www.vigo.no – vaksenopplæring/realkompetansevurdering.

Om kursa

Generell studiekompetanse
Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr frå hausten 2012 opplæring i faga som inngår i kravet til generell studiekompetanse: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og historie.

Undervisninga er nettbasert med regionvise samlingar i Førde, Sogndal og på Eid. Deltakarane treng berre delta på samling ein av stadane – der det passar best for den enkelte. Samlingane er på ettermiddagstid og kan såleis kombinerast med jobb. Deltakarane får tilbod om ei samling ca. kvar fjerde veke i kvart fag.

Deltakarane får elevstatus og standpunktkarakterar, og opplæringa vert avslutta våren 2013. Norsk hovudmål har obligatorisk skriftleg eksamen, i andre fag kan du bli trekt ut til eksamen. Tek du alle seks faga, er kravet minst to skriftlege og ein munnleg eksamen.

Fellesfag i yrkesfaglege utdanningsprogram 2012-2013
Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr òg opplæring i fellesfaga som inngår i yrkesfaglege utdanningsprogram. Dette gjeld følgjande fag: Matematikk, naturfag, engelsk, samfunnsfag og norsk.

Undervisninga er samordna med tilsvarande fag til generell studiekompetanse, men nokre av faga blir avslutta i desember 2012/januar 2013. Ingen fag har obligatorisk eksamen, men elevane kan bli trekte ut til eksamen i eitt eller fleire fag.

Hafstad vidaregåande skule har fagleg og administrativt ansvar for kursa.

For meir informasjon og rettleiing
Mari Anne Sundal, tlf. 576 56 222
Olav Njøs, tlf. 576 56 203


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 8. august 2012 - kl. 13:42


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2013