Sogn og Fjordane fylkeskommune har vurdert Sellevåg treskofabrikk til å være eit kulturminne av nasjonal verdi og føresler at den vert freda.
Fabrikken vart etablert i 1899 og var i drift fram til 1972. Den høge verneverdien til anlegget kjem av at det er komplett med pollen, demninga, røyrgata og fabrikkbygningen med alt maskineri og spesialverktøy for framstilling av tresko. Formålet med fredinga er å bevare Sellevåg treskofabrikk som eit bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig eksempel på småskala industri frå første halvdel av 1900-talet
Forslag om freding skal opp til politisk handsaming i Hovudutval for Kultur 17. mars. Etter at saka er handsama der, utarbeider Kulturavdelinga det endelege forslaget om freding som så vert sendt til Riksantikvaren for vedtak.
Du kan lese heile saka her