De Heibergske Samlingar – Sogn Folkemuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet og Sogn og Fjordane Kunstmuseum er konsolidert i stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.
Stiftingsprotokollen og avtalen vart signert den 14. januar 2009.
Historisk for musea i fylket
Dei fem musea skal halde fram som likeverdige avdelingar med eigne namn i den konsoliderte museumseininga. Dei tidlegare eigarane av musea overdreg det faglege, administrative og økonomiske ansvaret til det nye museet. Ein fellesadministrasjon skal etablerast og det skal tilsettast ny direktør.
Museumsorganisasjon
Saman med dei fem museumsavdelingane inngår fellesadministrasjonen, styret og rådet i den nye museumsorganisasjonen. Leiar av styret er Arne Kyrkjebø og ordførar i rådet er fylkesordførar Nils R. Sandal. Direktør i De Heibergske Samlingar – Sogn Folkemuseum, Aage Engsæter er konstituert i stillinga som administrerande direktør. Stillinga skal no lysast ut.
Store forventningar
Partane har i konsolideringsprosessen hatt ein visjon om å skape ein sentral kulturell institusjon som kan setje kulturpolitiske saker på dagsorden. Musea sine utfordringar handlar mellom anna om å bli endå betre kunst- og kulturhistoriske møteplassar og kunnskapsbasar.
Meir informasjon ved:
Arne Kyrkjebø, styreleiar Musea i Sogn og Fjordane tlf.: 908 63 447
Aage Engesæter, konstituert adm. direktør Musea i Sogn og Fjordane tlf.: 905 47 889
Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør tlf.: 415 30 941