blank blank
Politikk for vasskraftutbygging
Gjeldande fylkesplan og fylkesdelplan for arealbruk viser ynskje om å leggje til rette for vidare vasskraftutbygging. Forvaltinga av dei rike vasskraftressursane og fordelinga av avkastninga av energiproduksjonen er viktig for utviklinga i fylket.

Fylkesutvalet (FU) gjorde våren 2007 vedtak om at det skulle utarbeidast ein regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging (sak nr. 043/07). Planprogram vart vedteke i fylkesutvalet 21.04.2008 (sak nr. 44/08).

Følgjande mål vart då sett: ”Målet med planarbeidet er å samle kunnskap om viktige regionale og nasjonale verdiar i mulege utbyggingsområde, for deretter å fastsette retningsliner som sikrar at desse verdiane vert teke omsyn til, ved handsaming av utbyggingstiltak etter vassdragslovgjevinga og plan og bygningslova.

Planarbeidet skal også på eit overordna nivå synleggjere dei positive verknadene av vasskraftutbygging. Aktuelle retningsliner skal medverke til å minimalisere uheldige konsekvensar av vasskraftkraftutbygging, slik som tap av naturmangfald, friluftsområde, kulturminne og landskapsverdiar”.

Framlegg til regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging låg sommaren/hausten 2010 ute til offentleg ettersyn, i samsvar med vedtak i fylkesutvalet sak nr. 048/10 (28.04.2010). Det kom inn 28 høyringsfråsegner. Sak om revidert framlegg til plan vart lagt fram for FU (sak nr 036/11), med tanke på å gjere endeleg vedtak.

FU gjorde slikt vedtak:

  1. Fylkesutvalet utset slutthandsaming av regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging. 
  2. Arbeidet som er gjort er eit godt grunnlag med stor verdi for fylkeskommunen si handsaming av konsesjonssaker. Faktadel og analyser gjev god støtte for sakshandsaming. 
  3. Innspel i høyringsrunda tilseier likevel at det er behov for ei nærare utdjuping av nokre
    element i planen:
    a. Samfunnsøkonomisk verknad, lokalt og regionalt.
    b. Ringverknader av utbyggingane.
    c. Småkraftutbygginga sine positive verknader i arbeidet for klima.
    d. Nærare drøfting av kap. 4 – politisk del og retningslinjer. 
  4. Fylkesrådmannen vert beden om ei nærare utgreiing av punkt 3 a, b, og c. Fylkesutvalet vil for eigen del drøfte retningslinjer under punkt 3 d nærare.

Det vil seie at det ikkje ligg føre nokon endeleg vedteken plan. Administrasjonen nyttar likevel den reviderte planen (sjå lenkje nedanfor) som grunnlag for handsaming av vasskraftsaker. Endeleg planvedtak vil venteleg kunne skje i løpet av år 2012.

Regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging – revidert framlegg
FU-sak nr. 036/11 (med vedlagde dokument, m.a. samandrag av høyringsuttaler.)


Publisert av: Asbjørn Ness
Dato: 5. januar 2012 - kl. 08:31


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012