blank blank
Tilskot og verkemiddel

Hovudutval for plan og næring har ansvaret for tilretteleggande verkemiddel innan næringsutvikling og plan- samfunnsutvikling. Budsjettet til hovudutvalet er i 2012 på 121,055 mill. kr. Storparten av midlane er disponert direkte til tiltak gjennom budsjettet. Døme på dette er mellom anna oppfølging av reiselivsplanen, program innan marin næringsutvikling, omstilling, kommunale næringsfond, avtalar innan FoU, tettstadutvikling, oppfølging av klimaplan og folkehelseprogram.

Innan nokre område har vi etablerte tilskotsordningar med eigne reglar. Hovudutvalet har også nokon disponible midlar som skal støtte opp under satsingsområda i budsjettet og som ikkje er knytt til bestemte tilskotsordningar. Det kan sendast søknader innan desse områda:

- Reiseliv
- Mat, marin næringsutvikling og landbruk
- Næringsretta energisatsing
- Industri
- Kommunal næringsutvikling
- Entreprenørskap
- FoU
- Kunnskapsintensiv verksemd
- Stadutvikling
- Fornying av offentleg sektor
- Plan og analysetiltak
- Miljø og ressursforvaltning
- Klima
- Vassforvaltning
- Ungdom
- Omdøme og attraktivitet
- Folkehelse
- Integrering

Vi gjer merksam på at midlane er avgrensa, og ikkje alle prosjekt vil nå opp. Innanfor område der det er etablerte tilskotsordningar kan det vere avgrensa høve til å sende søknader utan om dette. Har du spørsmål finn du kontaktinformasjon nedst på denne sida.

Søknadsfrist
Vi tek i mot søknader innan satsingsområda løpande, men søknader vert berre handsama fire gonger i året. Det kan vere lurt å vere ute i god tid sidan vi ikkje kan garantere handsaming i møte som sett opp under om søknaden ikkje har nok opplysningar eller er levert i samsvarar med dei krav som er sette.

Fristane er desse:
15. januar ( vert handsama i møte 13. mars)
15. april (vert handsama i møte 22. mai)
15. august (vert handsama i møte 25. september) 
15. oktober (vert handsama i møte 27.  november)

For etablerte tilskotsordningar kan det vere andre fristar.

Søknadsskjema
Når de søkjer om generelle tilskot frå satsingane ovanfor må de nytte dette søknadsskjemaet. Søknadsskjemaet må førebels sendast per post eller e-post saman med anna nødvendig dokumentasjon.

Når de søkjer på faste tilskotsordningar kan det vere eigne skjema. 

Krav til søknad
- Det skal nyttast søknadsskjema med naudsynte vedlegg
- Vi ynskjer at søkjar nyttar PLP eller liknande metodikk
- Maksimal støttesats er normalt 50% av totalkostnaden
- Det kan kun søkjast om støtte til tidsavgrensa prosjekt

Saksgang
Søkjar skal få melding om vedtak som snart som råd etter møte i hovudutvalet. Dette skal skje ved eit skriftleg tilsegns-, eller avslagsbrev. Dersom søkjar får tilsegn om eit tilskot skal søkjar skriftleg akseptere tilsegnet på dei vilkåra som er sette. Vilkåra er mellom anna knytt til rapportering og rekneskapsføring.

Klage
Ved tildelingar av offentleg støtte, gjeld dei ålmenne reglane for klagerett etter Forvaltningslova. Det er høve til å klage på enkeltvedtak. Dei fleste søknader om tilskot er enkeltvedtak. Ynskjer søkar å klage på vedtak må det gjerast innan 3 veker etter at vedtaket er mottatt.

Kontaktinformasjon
Om du ikkje veit kven som er rett kontaktperson innan næring eller plan og samfunnsutvikling kan du kontakte desse personane om du har spørsmål:

For områda reiseliv t.o.m kunnskapsintensiv verksemd:
Kristin Arnestad: 57 65 62 45 eller e-post kristin.arnestad@sfj.no
Endre Høgalmen: 57 65 62 65 / 952 07 789 eller e-post endre.hogalmen@sfj.no

For områda stadutvikling t.o.m integrering:
Elisabeth Veivåg Helseth: Tlf. 57 65 62 93 / 922 84 041 eller e-post elisabeth.veivag.helseth@sfj.no 
Rosa Marie Skovli Øyrehagen: Tlf. 993 98 969 eller rosa.marie.skovli.oyrehagen@sfj.no 


Publisert av: Kristin Arnestad
Dato: 16. januar 2012 - kl. 17:20


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012