blank Driftig logo 270px blank
Entreprenørskap
Fylket ynskjer fleire bedrifter. For å få til dette satsar fylket breitt innan entreprenørskap frå entreprenørskap i utdanninga, via etablerarar i tidleg fase til avanserte etablerarar med stort potensiale. 

Nyhende 
Ny satsing på entreprenørskap skal få fleire nyetableringar i fylket
Campusgründerar i Sogndal får Gründerprisen for ungdom 2012
Midlar til mindre entreprenørskapstiltak 2012
Gründerprisen 2011

Entreprenørskap i utdanninga
Ungt Entreprenørskap arbeider for entreprenørskap i opplæringa og samarbeid mellom skule næringsliv. Fylkeskommunen har ein avtale med Ungt Entreprenørskap om langsiktig støtte. Programstyret for entreprenørskap og nyskaping var del av fylkesplanen og jobba med området frå 2006 – 2012. 

Frå 2013 er det oppretta eit utval som skal sjå nærare på entreprenørskap i fylket. Meir om mandat og bestilling til utvalet i HPN-sak 66/12. 
Etablerarar i tidleg fase
Fylkeskommunen tilbyr bedriftsetableringskurs til etablerarar. Fylkeskommunen saman med Innovasjon Noreg og fylkesmannen arbeider mest med kompetanseutvikling og nettverk, spesielt viktig er det at førstelinjetensta, kommunane, er gode hjelparar og rettleiiarar for eigne gründerar i sin kommune. Denne satsinga er koordinert gjennom «kommuneprosjektet».
Etablerar med stort potensiale og/eller avanserte løysingar 
Innovasjon Noreg har ei rekke verkemiddel for å yte råd og støtte til etablerarar. Ofte har desse trong for tidleg fase risikokapital, og gode verkemiddel er Inkubatorar og næringshagar, samt VRI ved Norges forskingsfond med fleire.

Publisert av: Lisbeth Bringebøen
Dato: 19. mars 2013 - kl. 08:55


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2013