Eit samla fylkesting gjekk 15. desember inn for å vidareføre drift av bokbåten. – Det er stor semje om at bokbåten har ein viktig funksjon som ein liten kulturbåt. Men det er behov for å sjå på ordninga og gjere denne meir framtidsretta, seier Åshild Kjelsnes (Ap).
Det vart i fylkestinget lagt fram to framlegg som begge gjekk på å vidareføre drifta av bokbåten.
Fleirtalet, Ap, Sp og SV, røysta for å auke løyvingane til hovudutval for kultur med 800 000 kroner.
Løyvinga skal nyttast til vidare drift av bokbåten, samstundes som hovudutvalet får fullmakt til å sjå på korleis drifta av bokbåten kan optimaliserast. Framlegget vart vedteke med 23 mot 16 røyster.
Mindretalet gjekk inn for å løyve 850 000 kroner kvart år direkte til drift av bokbåten i perioden 2011-2014.
Evaluerast etter tre år
Ordninga med bokbåten skal evaluerast innan tre år. Kjelsnes understreka at det no er viktig å sjå på korleis ein kan tilpasse bokbåten til den tida vi lever i.
– På enkelte område konkurrerer bokbåten i dag med landbiblioteka, og dette må vi justere. Bokbåten er eit unikt tilbod og må nyttast til å gi gode tenester der det er behov for det, seier Kjelsnes.