Fylkesutvalet har 9 medlemer. Fylkesutvalet møtest omlag ein gong i månaden. Møta vert haldne på Fylkeshuset eller rundt om i fylket.
Medlemer i fylkesutvalet 2011–2015
Fylkesutvalet gir tilråding til fylkestinget vedkomande årsbudsjett, økonomiplan og fylkesplan og i andre saker der handsaminga startar i fylkesutvalet. Fylkesutvalet har 9 medlemer med varamedlemer. Fylkestinget vel medlemene blant Fylkestinget sine medlemer. Valet skjer ved høvestalval.
Val og samansetnad
Alle medlemene i fylkesutvalet med unnatak av fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren skal vere medlem av eit hovudutval. Fylkesutvalet skal vere representert i alle hovudutval med minst ein, men ikkje meir enn to representantar.
Valet gjeld for den fylkeskommunale valperioden.
Fylkestinget vel blant fylkesutvalet sine medlemer fylkesordførar og fylkesvaraordførar for heile valperioden.
Fylkesordføraren leier møta i fylkesutvalet.
Fylkesrådmannen har møte- og talerett i fylkesutvalet. Retten kan utøvast av han personleg eller av ein av hans underordna.
Reglement for fylkesutvalet
Den politiske organiseringa av fylkeskommunen