blank Støvsuger
Denne støvsugaren fotografert av Ulf Palm ved Nordfjord folkemuseum er eit kulturminne frå dagleglivet.
Innvik Ullvarefabrikk
Innvik Ullvarefabrikk er 190 år i 2009 og er den største trebygningen i Nord – Europa. Tekstilproduksjonen i Nordfjord starta opp her. Opninga av Kulturminneåret i Sogn og Fjordane på nyåret vil finna stad her.
Helleristningsfelt Ausevika
Helleristningsfeltet Ausevika i Flora er eit av Riksantikvaren sitt fyrtårnsprosjekt i Kulturminneåret. Området skal gjerast meir tilgjengleg for publikum gjennom skilting og gangstiar
blank
Kva er ditt kulturminne?
Kva er eit kulturminne? Er kulturminne berre gamle, fysiske spor etter folk som levde i fjern fortid? Kan det vera den gamle støvsugaren på loftet? Eller minne om sommarfuglane i magen første skuledag? Kulturminneåret 2009 vil fornya tenkinga rundt kulturminne.

 

Nært og personleg

Mange nikkar nok gjenkjennande når de les dette. Kulturminne er noko som er nært oss i tid, det er personleg, enkelt og gjerne noko me omgås med til dagen. Det kan vera den gammaldagse lysbrytaren som du har bytta ut med ein ny og betre, eller minna om konfirmasjonsdagen din. Kulturminneåret 2009 skal ta slike tankar på alvor.

 

Kulturminneåret 1997

Sist gong det var Kulturminneår var i 1997. Arbeidet som vart gjort i Sogn og Fjordane vart lagt merke til utanfor Sogn og Fjordane og særleg gjennom utviklinga av Kulturhistorisk leksikon vart det lagt viktige grunnsteinar for framtidas kulturminnearbeid. Kulturhistorisk leksikon er ei samling nettartiklar om kultur og kulturminne i fylket vårt.  Kvar kommune kom med innspel til kva kulturminne dei ønskte det skulle bli skrive om. Skrivearbeidet har helde fram og no ligg det i overkant av 1200 artiklar tilknytt kommunane og fylket vårt på Kulturnett på internett.

 

Sjå nettsidene:

Kulturnett

Kulturminneåret 2009

Digitalt fortalt

 

Mål

Dette er berre ein liten del av den kunnskapen som finst om kulturminne i Sogn og Fjordane!  Skal me lukkast med å ta vare på kulturminna og kunnskapen om dei må alle grupper i samfunnet verta engasjerte i vern og dokumentasjon av kulturminne. Hovudmålsettinga for Kulturminneåret 2009 er difor at  alle uavhengig av  kunnskapsmessig eller kulturell ståstad skal inkluderast i arbeidet med  å ta vare på kulturarven.

 

For å lukkast skal det leggast til rette for at alle grupper  i samfunnet skal få komma med sine innspel og bli utforda til å tenkja nytt rundt kva som er kulturminne. Me skal fjerna oss frå tradisjonelle definisjonar av kulturminne som avgrensar dei til å gjelda fysiske spor etter menneskeleg verksemd. Personlege minne, forteljingar, lokale segner er dømer på inmatrielle kulturminne som er med å eit meir heilskapleg bilete av kulturarven. 

 

Dagleglivets kulturminne

For å få dette til må det skapast engasjementet og då må kulturminna opplevast som relevante for folk. Difor handlar det ikkje berre om helleristningar, stavkyrkjer og steinkyrkjer men også dagleglivets kulturminne som gjerne er nær oss i tid. Dagleglivets kulturminne er kulturminne som er skapt av nokon sitt daglegliv eller som er ein del av nokon sitt daglegliv. Eit døme kan vera den første kassettspelaren, reklamen,  minna frå då den kom på marknaden og kor fortvila ein vart når bandet slitna. 

 

Oppdraget

Oppdraget kom frå Miljøverndepartementet og Kultur – og kyrkjedepartementet. Norges kulturvernforbund har hovudansvaret for å setja Kulturminneåret ut i praksis. Det er blitt oppretta ei nasjonal koordineringsgruppe, kvart fylke har ein fylkeskontakt og kommunane er oppfordra til å stilla med ein kommunekontakt.

 

Kulturminneåret i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane har fylkeskontakten hatt ansvaret for å setta saman ei prosjektgruppe som representerer arkiv, bibliotek, museum, kommunar, fylkeskommune og sogelag. Dei har teke til på arbeidet og ønskjer i  Kulturminneåret å auka folk flest sin kunnskap om - og forståing for verdien av kulturvern. Det vil også vera eit mål utvida definisjonen av kulturminne til og inkludera dagleglivet sine kulturminne. Gjennom samarbeid med  media, kommunar, skular og frivillige lag og organisasjonar vil me invitera befolkninga til å ta aktivt  del i arbeidet med å velja ut kulturminne, bevara kulturminne og formidla kunnskapen om kulturminne. Dessutan vil me i samarbeid med desse gruppene arbeida for å synleggjera arbeidet som vert gjort med kulturminne, både frivillig og i offentleg regi. 

Luster Sanatorium

I 2009 vil Riksantikvaren freda eit kulturminne kvar månad. Fylkeskommunane fekk komma med sine forslag. Sogn og Fjordane fylkeskommune leverte inn forslag om taubana opp til Luster Sanatorium, også kalla Harastølen, som me ser på biletet.

Kulturminneløypa 

Me ønskjer også å vektlegga dokumentasjon og formidling av kunnskap om kulturminne og gi folk opplevingar knytt til dei gjennom til dømes fysiske og virtuelle kulturminneløyper.  Det vil innan 2009 vera klar ei eiga nettside der publikum kan registrera kulturminneløyper på eit kart og legga inn informasjon om ruta og kulturminne som ein møter i løypa. Informasjonen kan skrivast ut slik at andre lett kan gjennomføra løypa fysisk.  Du kan lesa meir om satsinga på kulturminneløyper på nettsida for Kulturminneåret (lenke lenger oppe).

  

Digitalt fortalt

Internett som formidlingskanal er ei satsing i Kulturminneåret 2009. I tillegg til Kulturminneløypa, har ABM – utvikling ( Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) utvikla ein nettstad som samlar nettartiklar og digitale forteljingar frå heile landet. Satsinga heiter Digitalt fortalt, sjå lenke lenger oppe på sida. Litt interessant er det at verktøyet som vert nytta til publiseringa byggjer på Sogn og Fjordane sitt  Kulturhistorisk leksikon. Som nemnt innleiingsvis var dette ei satsing i kulturminneåret for 11 år sidan. Målet må vera at Sogn og Fjordane kan få sett i gong positive og framtidsretta tiltak i det kommande Kulturminneåret også.

 

Har du innspel eller/og ønskjer du meir informasjon om Kulturminneåret 2009, ta kontakt med fylkeskontakt Bjarnhild Samland på telefon: 971 95263 eller e-post bjarnhild.samland@sfj.no 


Publisert av: Ingvild Ramstad
Dato: 26. november 2008 - kl. 22:36


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Bjørn Birger Bremer
Teknisk ansvarleg: Daniel Carocca Montero

  Oppdatert 07/29/2010