Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke mål av seg til å utforme ein framtidsretta plan for si verksemd som kulturaktør.
"Kulturstrategi 2008 - 2011" er ein del av fylkeskommunen sitt arbeid med å forme ut eigne strategiar for dei ulike politikkområda i fylkeskommunen. Føremålet med planen er å utforme ein samlande strategi for korleis fylkeskommunen skal engasjere seg i kultur, politisk og administrativt, og utøve sine roller i dette arbeidet. Planen er utarbeidd på bakgrunn av ei omfattande høyring hausten 2007 og skal følgjast opp med handlingsprogram knytt til dei ulike fagområda.
Kulturstrategien er forlenga med verknad ut 2012, i samsvar med vedtak i sak 0025/10- fylkesplanmelding 2010.
I planperioden er det peika ut 6 område som skal prioriterast:
-
Kunst og kultur som skapande krefter
-
Tettstadsutvikling som styrkjer lokalsamfunna
-
Arkiv, bibliotek og museum (ABM)- aktiv medspelar i samfunnsutviklinga
-
Kulturnæringar som motor for kreativitet og nyskaping
-
Nynorsk som styrke for identitet og utvikling
-
Kultur som drivkraft for folkehelse
Andre planar: