blank blank
Anbodsprosessen

Denne er styrt av lov om Lov om offentlige anskaffelser og Forskrift om offentlige anskaffelser

Alle offentlege innkjøp skal vere i tråd med desse retningslinene, og om desse ikkje er fylgde kan eit tilbod verte avvist eller i verste fall heile anbodsprosessen må gjerast om.

Offentleggjering av eit anbod
Ein anbodsprosess startar ved at ei offentleg verksemd offentleggjer ein anbodsprosess. Dette kan gjerast på forskjellige måtar avhengig av kor stort anbodet er. Alle anbod over 500 000,- skal leggast ut i DOFFIN. Alle anbod opp til denne summen vert henta inn direkte ved kontakt med leverandørar.

Det er ikkje nokon regel på kor lenge eit anbod må ligge ute, om det ikkje skal publiserast innan EØS området. Då er fristen 45 dagar. Dette har gjort at det vanlegaste for eit anbod er å vere tilgjengeleg i 45 dagar, men dette kan som sagt variere. Denne fristen skal stå i konkurransegrunnlaget  

Type anbod
Det fins fleire forskjellige måtar eit anbod vert konkurranse utsett på. Om du ynskjer å lese om dei andre anbodskonkurransane sjå her.

Innlevering av anbod
Ikkje alle anbod vert levert i tide eller i fylje gjeldande lover og reglar. Då kan anbodet avvisast.

Behandling av anbod
Når utlysinga er avslutta må dei innkomne tilboda behandlast. Korleis dette skal gjerast, kjem ann på utlysinga, men DIFI har ein generell rettleiar for behandling av anbod.

Ikkje alle tilbod er gode tilbod. Av og til må tilbod avvisast. Men det kan og vere at det er leverandøren sjølv som ikkje oppfyller krava i anbodet. I begge tilfelle skal tilbydar få eit avvisingsbrev.

Når ein har behandla alle tilboda er det ein leverandør (eller fleire ved rammeavtalar) som vert tildelt anbodet.

Klage
Om ein tilbydar meiner at noko i prosessen ikkje er som det skal vere eller at deira tilbod har blitt forbigått, kan dei klage. Dette må skje innan klagefristen som er presisert i konkurransegrunnlaget, men det er som regel ikkje meir enn ti dagar etter offentleggjering av tildelinga. 

Kontraktsinngåing
Med leverandøren som har vunne anbodet vert det skrive ei kontrakt. Det er ikkje alle områder det er laga standardkontrakter for, men då kan ei sjekkliste vere nyttig. 

KOFA
Om den som klagar meiner noko er gale med anbodsprosessen kan dei  klage den inn for Klagenemda for offentlige anskaffelser. Denne behandlar klager på brot på regelverket for offentlege innkjøp og ligg under konkurransetilsynet.


Publisert av: Asbjørn Ness
Dato: 28. februar 2011 - kl. 14:24


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012