Hovudmål for program for Havbruk og fiskeri er auka verdiskaping innan dei marine næringane i fylket. Programstyret har utarbeida eit utkast til handlingsplan for 2009, der delmål, forventa resultat av desse og pågåande aktivitetar er synt. Dei endelege tiltaka i handlingsplanen vert først fastsett etter ein dialog der næringa sjølve vert invitert til å kome med innspel.
Handlingsplan for 2009 fokuserer på desse 5 delmåla:
- Styrke dei fiskeriavhengige lokalsamfunna
- Rekruttering til marine næringar
- Tilgong til eigna areal for havbruk og fiskerinæringa
- Nye marine artar i oppdrett gjenom satsinga på "Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar"
- Marine nettverk og møteplassar
I tillegg vil ein sjå om initiativ i grensefeltet mellom havbruk/fiskeri og turisme/kultur kan vidareutviklast.
Eksempel på prosjekt og tiltak som er finansiert gjennom program for Havbruk og fiskeri er det kulinariske sjømatsnettverket ”Smak av kysten”, AQUAstrøm, eit nyutvikla verktøy for drifts- og miljøoptimalisering av matfiskoppdrett i tillegg til Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar, som lyser ut midlar for tilretteleggande, større utviklingsprosjekt for å bidra til kommersialisering av følgjande artar: kamskjel, blåskjel, østers, kveite, torsk, hummar og kråkebolle (ikkje-prioritert rekkjefølgje).
Deltakarar:
Mathias Råheim, leiar (fylkespolitikar)
Elin Tveit Sveen (repr. næringa)
Rolf Domstein (repr. næringa)
Geir Magne Røys (repr. næringa)
Ørjan Forthun (Nordfjordrådet, rep. for regionråda)
Kari Morvik (fiskeridir. region Vest)
Egil Henning Ytrøy (IN, sekretær)
Geir Magne Røys (repr. næringa)
Lena Søderholm (fylkeskommunen, sekretær med hovudansvar)