Sist helg var fem kinesiske musikarar i Balestrand og Fjærland for å få nærkontakt med storslått natur og oppleve norsk tradisjonsmusikk. Saman med fylkesmusikarane Sigmund Eikås og Oddbjørn Ramstad vart det også tid til ei musikalsk kulturutveksling på Bremuseet i Fjærland.
– No forstår vi kvar folkemusikken i Noreg kjem ifrå, var meldinga frå dei kinesiske musikarane.
Dei var ikkje i tvil då dei søndag vitja Sogn og Fjordane og fekk oppleve norsk folkemusikk og dramatisk vestlandsnatur.
Tusenårig tradisjon møter norsk folkemusikk
Fylkesmusikkleiar Øyvind Lyslo blei kontakta av dei kinesiske musikarane som ville kombinere konsertar på Festspela i Bergen med ein tur til Sogn og Fjordane og Fjærland. Folkemusikarane Oddbjørn Ramstad og Sigmund Eikås opna med eit musikalsk møte med norsk folkemusikk i både gammaldans- og slåttetradisjon. Deretter kvitterte dei kinesiske virtuosane med klangfull kinesisk musikk, framført av professorane Xiangting Li og Ke Xue.
– Vi fekk høyre musikk frå andre sida av jordkloden med røter 1000–1200 år tilbake i tid, fortel Lyslo.
Musikken vart framført på det kinesiske strykeinstrumentet ”erhu”, ei fele med to strenger utan gripebrett, også kalla kinesisk fiolin, og ”guqin”, eit strengeinstrument med over 3000 års historie og likskapstrekk med den norske langeleiken.
Begeistra og imponert
Prosjektleiar, tolk og guide Rigmor Johnsen har tidlegare arbeidd som kulturattaché i Beijing. Ho fortel at dette besøket i Noreg er eit kulturarvprosjekt som har vore planlagt lenge og at dei kinesiske utøvarane gjerne ville møte det norske musikklivet som finst utanfor byane.
– Vi ynskjer å vise dei noko av den levande musikken som finst i bygdene våre. Her kan dei lære om og høyre norsk folkemusikk. I Kina er dette heilt ukjent, seier Johnsen.
Dette var noko dei kinesiske utøvarane også gav uttrykk for.
– Det var heilt fantastisk og magisk å kunne oppleve musikken som Ramstad og Eikås framførte. Vi er veldig begeistra. Det å komme inn i ein heilt annan røyndom, langt inne i ein fjordarm og møte musikantar på den måten vil vi alltid ha med oss i livet. Spesielt vart vi imponerte over hardingfela. Klangen og tonane fascinerer oss veldig. No har vi lagt ut mange videoar med norsk folkemusikk på Twitter slik at dei heime også kan få høyre musikken, seier dei kinesiske musikarane.
Skulle spelt meir i lag
Fylkesmusikar på hardingfele Sigmund Eikås var også begeistra.
– Det er alltid moro å møte andre musikarar. Det å høyre spesielle klangar og oppleve andre instrument er viktig. Tradisjonsmusikken har slektskap i det folkelege som ein finn i heile verda. Når ein får høyre andre kulturar sin musikk ”live”, då festar musikken seg betre og blir meir interessant. Dette var ei fantastisk oppleving. Eg skulle ønskje vi hadde hatt tid til meir speling, seier Eikås til slutt.