Tilgjengleg statistikk i dag viser at sektorane med største klimagassutslepp i Sogn og Fjordane er industri, transport og landbruk. Samstundes er det mykje usikkerheit knytt til utsleppstala. Fylkeskommunen har i samarbeid med Vestlandsforsking starta opp eit forskings- og utviklingsoppdrag der målet er å styrka kunnskapen om korleis regionale styresmakter kan bidra til arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar knytt til både produksjon og forbruk.
Klimagassutslepp

I statistikken frå SSB kan ein få inntrykk av at innbyggjarar i Sogn og Fjordane har nesten dobbelt så stort utslepp som gjennomsnittet i Noreg. Denne statistikken visar at i 2008 slapp kvar innbyggjar i Sogn og Fjordane ut 12911,85 kg klimagassar medan gjennomsnittstalet for Noreg er 7560,63 kg per innbyggjar. Prosessindustrien er grunnen til at talet vert så høgt i denne statistikken. Ein innbyggjar i Sogn og Fjordane i dette rekneskapet vert tildelt 8055,79 tonn som følgje av prosessutslipp, medan det nasjonale snittet er 2947,75. Dette får store utslag på den totale differansen.
Ein kan spørja seg om det er rett at innbyggjarar fylkesvis vert tildelt ansvar for dette, eller om prosessindustrien er ei nasjonalt ansvar. Rekneskapa kan fort verka misvisande, og gjera det lite motiverande for innbyggjarar å arbeida med sin private utsleppsreduksjon. Ei stor kjelde til klimagassutslepp som derimot ikkje vert rekna med i den nasjonale utsleppestatistikken er utslepp frå varer og tenester vi importerer frå andre land. Her kan alle gjera ein innsats.
Klima; omfattande og heilheteleg

Reduksjon av klimagassutslepp går inn på mange ulike sektorar. Ein må difor arbeida med å redusera utslepp innanfor kvar enkelt sektor.. Usikkerheit og mangel på data i høve lokale og regionale klimagassutslepp er ei avhovudutfordringane i lokal og regional klimapolitikk. Dette gjer det vanskeleg å avdekke problemområda og å vurdere effekten av lokale tiltak.
Tilgjengeleg regional og lokal statistikk over klimagassutslepp er i hovudsak nasjonale tal som er brotne ned etter ulike prinsipp. Det er ikkje tal som har kome fram ved å studere utsleppskjeldene i dei ulike lokalsamfunna, og det er ofte nytta svært ulike prinsipp for korleis ein skal bryte ned dei nasjonale tala. Dette gjer det krevjande å tolke den offisielle utsleppsstatistikken for kommunar og fylke.
Med bakgrunn i dette har Sogn og Fjordane fylkeskommune starta eit Forskings og Utviklingsoppdrag som skal gje oss meir konkrete svar og metode knytt til utslepp og måloppnåing i vårt fylke. Resultata frå dette prosjektet vert etter kvart tilgjengleg her på ”Fylkesspegel”.
Relevante lenkjer:
Statistikk om miljø og samfunn i norske kommunar - Livskraftige kommuner