blank NilsR LiuZhong BBB
Fylkesordførar Nils R. Sandal, viseguvernør Liu Zhong og forvaltingsdirektør Bjørn Birger Bremer. På det siste biletet, dei to delegasjonane framfor fylkeshuset med m.a. forvaltingsdirektør Bjørn Birger Bremer, regionaldirektør Velaug Veum, fylkesordførar Nils R. Sandal, spesialrådgjevar Lidvin Osland, sekretariatsleiar Knut Henning Grepstad og spesialrådgjevar Roar Nesset.
Delegasjonar fhuset
blank
Ningxia og Sogn og Fjordane eit steg vidare på samarbeidsvegen
Fylkesordførar Nils R. Sandal og viseguvernør Liu Zhong frå Ningxia i Kina var samde om at dei hadde teke eit nytt steg saman på samarbeidsvegen etter møtet mellom delegasjonane frå fylkeskommunen og den kinesiske provinsen.

Viseguvernør Liu Zhong og fylkesordførar Nils R. Sandal var først og fremst samde om at det er ei interessant felles oppgåve å få til eit verdsgymnas i den kinesiske provinsen etter modell av det som er i Flekke i Fjaler. Samstundes såg dei to føre seg utveksling av kulturkrefter og lærekrefter i tillegg til ungdom. Også innan reiseliv såg dei føre seg måtar å samarbeide på. Dei var også samde om å halde fram med å vitje kvarandre med delegasjonar.

Viseguvernøren nemnde det kinesiske fjernsynsprogrammet i vinter der Nils R. Sandal deltok. "Vi har fått mange positive reaksjonar på programmet, ikkje minst songen til fylkesordføraren i Sogn og Fjordane gjorde sterkt inntrykk," sa Liu Zhong. Ha la til at Ningxia tek mål av seg til å yte særskilt sørvis til idrettsfolk frå Noreg under OL i Kina om to år.

Den kinesiske leiaren hadde også merka seg at Ningxia og Sogn og Fjordane var store aluminiumsprodusentar i kvar sine land. Han nemnde landbruk og fiske som to andre område der det kunne vere interessant å samarbeide i og med at norske landbruksvarer er dyre, medan dei kinesiske er billege. På den andre sida er norsk fisk billeg, medan fisk er dyrt i Kina.

I morgon held delegasjonen på sju fram ferda i fylket vårt til Sogndal, Fjærland, Jølster og Fjaler før dei sluttar av i Førde og Florø torsdag.


Publisert av: Henning Rivedal
Dato: 3. juli 2006 - kl.


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 10/01/2014