blank Sylvarnes
Foto: Eli Mundhjeld
blank
Stort engasjement kring småkraft
Arbeidsmøtet om fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging, torsdag 1. oktober, var prega av stort engasjement. Det var eit hektisk program der deltakarane fyrst fekk ei kort innføring i planprosessen og NVE si handsaming av vasskraftsaker, før dei sjølve, gjennom ein arbeidsverkstad, fekk høve til å gje innspel vedkomande problemstillingar knytt til planarbeidet.

Møtet var ope for alle interesserte. Det samla i overkant av 20 personar. Som venta var det mange utbyggarar til stades, men også andre interessegrupper deltok.

Presentasjonar
Innføring i saksgang - vasskraftsaker
Om planen sin faktadel

Arbeidsverkstad
Deltakarane vart under arbeidsverkstaden delt i fire grupper. Gruppe 1 og 2 vart utfordra til å gje tilbakemelding på korleis tema ”sumverknad” burde kome til uttrykk i planen, medan gruppe 3 og 4 skulle gje tilbakemelding på korleis tema ”landskap” burde handsamast. Nedanfor finn de spørsmåla som gruppene fekk, saman med noko bakgrunnsinformasjon, om dei aktuelle tema, som vart delt ut til gruppene. Gruppene sine svar/innspel er også lagt ved. Innspel som vi har fått i etterkant av møtet er inkludert.

Gruppe 1 og 2 – Sumverknader
- Innleiing m/spørsmål
- Svar/innspel frå gruppene (inkludert supplerande innspel frå Terje Engvik og Magnus Snøtun)

Bakgrunnsinformasjon:
- Kart med utbyggingspotensial, Gloppen og Stryn
- Kart med utbyggingspotensial, Jølstra
- Kart med oversikt over utbygging, Gloppen og Stryn
- Kart med oversikt over utbygging, Jølstra
- Eksempel frå kommunedelplan i Lærdal, prosjektvurdering
- Eksempel frå kommunedelplan i Lærdal, samla vurdering

Gruppe 3 og 4 – Landskap
- Innleiing m/spørsmål
- Svar/innspel frå gruppene (inkludert supplerande innspel frå Magnus Snøtun)

Bakgrunnsinformasjon:
- Plantekst om tema landskap, reiseliv og friluftsliv
- Kart over fjordlandskap og fossar, Gloppen og Stryn
- Kart med friluftsinteresser, Gloppen og Stryn
- Kart med reiselivsinteresser, Gloppen og Stryn
- Bilde av Sylvarnes Foto: Eli Mundhjeld
- Bilde av Tvinna Foto: Eli Mundhjeld
- Bilde av Brudesløret Foto: Bård Ottesen


Publisert av: Elianne Eggum
Dato: 20. oktober 2009 - kl. 13:43


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 02/03/2012