blank Kannesteinen
Kannesteinen
Fugl
Raudnebbterne
Natur
Fjærland
blank
Oppfølging av "Tenketanken"
Fylkestinget vedtok i juni 2008 ei rekkje tiltak som skulle følgjast opp etter arbeidet som vart gjort ”Tenketanken”, som fylkesordførar Nils R Sandal oppnemnde i 2007 for å sjå på nye og alternative utviklingsstrategiar for fylket.
 
Tiltak som allereie er starta opp
Over tretti tiltak vart vedteke som portefølje til ”Tenketanken”. Fleire av tiltaka er allereie starta opp – slik som etablerarportalen www.driftig.no, eige næringsfond for ungdom, satsing på næringsutvikling knytt til fornybar energi, vidareutvikling av bygdeutviklingsprogramma, program for å få flytta statlege arbeidsplassar til Sogn og Fjordane – for å nemne nokon av tiltaka.
 
Tiltaka som må vurderast nærare
Fleire av tiltaka må likevel vurderast nærare, slik som ei omdømmesatsing i Sogn og Fjordane – her ligg det allereie føre eit framlegg som Fylkestinget må gje endeleg ”grønt lys” til, og oppstart av ei internasjonal line ved vidaregåande skule (International Baccalaureate).
 
Politisk retta tiltak
Og nokre av tiltaka er reint politiske retta, slik som bygging i 100- metersbelte, auka ferjefrekvens, og betra kommuneøkonomi.
 
Tiltak i planverket
Andre tiltak vil bli følgt opp gjennom ny fylkesplan, slik som ei auka medvit omkring senterutvikling, medan andre er tema for eigne fylkesplanar, slik som fylkesdelplan for vindkraft, fylkesdelplan for småkraft, ny kulturstrategi og ny reiselivsplan.

Nærare presentasjon
Ein nærare presentasjon av status på fleire av tiltaka, kan de finne ved å klikke på noko av prosjektporteføljen under.

Bakgrunn for "Tenketanken"
Det var fylkesordførar Nils R Sandal, som i sin tale til fylkestinget i desember 2006, sa det no var trong for å utvikle nærare strategiar for å kome sentraliseringskreftene og fråflyttinga frå distrikta i møte. Sommaren 2007 vart det derfor oppnemnd ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på utfordringane som Sogn og Fjordane står overfor. Gruppa fekk tidleg den uformelle nemninga ”Tenketanken til Nils R.”, og vart sett saman av personar med alternativ kompetanse og ulik bakgrunn. Prosessen skulle ende opp i konkrete framlegg til løysingar på utfordringar fylket står framfor, mellom anna:
  • Ein urovekkande nedgang i folketalet i Sogn og Fjordane.
  • Vanskar med å få ungdom frå eige fylke til å flytte heim etter avslutta utdanning
  • Vanskar med å få folk frå andre deler av landet til å slå seg ned i fylket etter avslutta
Dei som deltok i ”Tenketanken”
Tina Vilenica, Arve Helle, Randi Førsund, Ole Henrik Vigdal, Elin Østevik, Arvid Langeland, og Eli Bjørhusdal. 

Rapporten frå "Tenketanken" får de ved å klikke her
 
Har de spørsmål til oppfølginga av ”Tenketanken”? Ta kontakt med: 
 
Koordinator Trond Ueland, trond.ueland@sfj.no, tlf 91 33 74 10
Assisterande fylkesdirektør, Endre Høgalmen, endre.hogalmen@sfj.no, tlf 95 20 77 89
Rådgjevar, Kristin Arnestad, kristin.arnestad@sfj.no, tlf 57 65 62 45

Dei ulike tiltaka som blir oppfulgt i "Tenketanken":

- Etablering av ein 3årig Bachelorutdanning på handverk, design og entreprenørskap (pdf)

- Utrgeiing av international baccalaureate (IB) til Sogn og Fjordane (pdf)

- Prosjekt Internasjonal Tilflytting Sunnfjord (pdf)

- Best mogeleg kommuneøkonomi (pdf)

- Næringsfond for ungdom (pdf)

- Næringsutvikling ved fornybar energi (pdf)

- Etablerarportalen Driftig.no (pdf)

- Prosjekt Tilflytting til Nordfjord (pdf)

- Oppdater kompetanse lokalt omkring råd og rettleiing til unge gründarar (pdf)

- Pådrivar for utflytting av statlege arbeidsplassar (pdf)

- Behov for arealavklaringar – Fylkesdelplanar for vind og vasskraft (pdf)


Publisert av: Trond Ueland
Dato: 13. februar 2009 - kl. 08:35


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Bjørn Birger Bremer
Teknisk ansvarleg: Daniel Carocca Montero

  Oppdatert 07/29/2010