Dersom du er heimehøyrande i fylket og tek utdanning på vidaregåande skule kan du ha rett på skuleskyss. Skyssreglement for elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane gjev nærare informasjon om reglar for skuleskyss.
Dersom du er heimehøyrande i fylket, tek utdanning på vidaregåande skule og fyller eitt av krava nedanfor, har du rett på skuleskyss:
1. Har ein gangavstand på 6 km eller meir frå bustad til skule, evt 4 km frå heim til transportmiddel, kortaste gangbare veg.
2. Er funksjonshemma/skada/sjuk og har attest frå lege om at du treng skyss.
3. Må reise med båt.
Dersom du er lærling eller får løn under utdanning har du ikkje rett på fri skyss.
For nærare informasjon om skuleskyssen for 2007/2008, sjå her.
Retningslinene og meir informasjon om skuleskyssen får du på skulen eller ved å henvende deg til:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
v/Oddveig Hove
Regionalavdelinga
6863 Leikanger
Tlf. 57 65 62 43
oddveig.hove@sf-f.kommune.no