— Vi skal vere synlege. Vi kommuniserer betre når vi står fram på ein visuelt god og einskapleg måte. Profilen – med fylkesvåpenet i fokus – gjer fylkeskommunen tydelegare. Profilen skaper attkjenning. Profilen bidreg til å skape ein samla organisasjon – med styrka identitet – også internt. Profilen set enkelte reglar for korleis fylkeskommunen skal profilere seg. Det er godt rom for variasjon og kreativitet. Alle i fylkeskommunen skal nytte og respektere den grafiske profilen.
Fylkesrådmann Jan Øhlckers, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Profilhandboka skal vere ein ressurs og ei rettesnor for dei som arbeidar med visuelle utrykk på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune. På denne sida kan du laste ned logo og andre grafiske element frå den grafiske profilen.
Last ned Profilhandboka som PDF her.
Kontaktperson
Treng du hjelp i tilknyting den grafiske profilen eller element, ta kontakt med Asbjørn Ness (Informasjon) på telefon 57 65 62 77 eller e-post asbjorn.ness@sfj.no.
- Fylkeslogoen
- Fylkeslogoen for vidaregåande skular og institusjonar
- Fylkeslogoen for tannhelse
- Fargar til trykk
- Fargar til internett/skjerm
- PowerPoint-malar
- Sogn og Fjordane-tepppe til trykk
- Sogn og Fjordane-teppe til internett/skjerm
- Bølgja
- Småbølgja
- Småbølgja for avdelingar og andre formål
- Annonsering
Fylkeslogoen
Våpenmerket til Sogn og Fjordane fylkeskommune speglar noko av det mest særmerkte med fylket: fjordar, fjell og brear. Dei tre blå spissane på sølv grunn symboliserer fjordane i Nordfjord og Sunnfjord og Sognefjorden. Bak symbolbruken ligg mellom anna fakta om 56 fjelltoppar over 2000 m.o.h. i fylket, den lengste og djupaste fjorden på det europeiske fastland, djupaste innsjøen i Noreg, Nord Europas største fastlandsisbre og Noregs vestlegaste punkt. Fylkesvåpenet er utforma etter heraldiske prinsipp og godkjent i statsråd 23. september 1983.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har einerett til våpenet i alle former. Bruken er underlagt spesielle retningsliner, og skal i utgangspunktet berre nyttast i fylkeskommunal samanheng og utøving. For spørsmål om bruk av fylkesvåpenet og fylkeslogoen, kontakt informasjonstenesta i fylkeskommunen.
Fylkesvåpenet og teksten Sogn og Fjordane fylkeskommune utgjer logoen til fylkeskommunen. Teksten Sogn og Fjordane fylkeskommune skal alltid stå i store bokstavar med skrifttypen Friz Quadrata. Fylkeslogoen finst i sidestilt og midtstilt format, og for lys og mørk bakgrunn. Sjå i Profilhandboka korleis du skal nytte fylkesvåpenet korrekt.
Last ned alle fylkesvåpen-filene, inklusiv PNG-format, her
Fylkeslogoen for vidaregåande skular og institusjonar
I profilen finn du fylkeslogoen for institusjonane våre og dei vidaregåande skulane i fylket. Desse er tilgjengelege i fire variantar i fargar, og fire i svart/kvit: • Sidestilt • Sidestilt negativ • Midstilt • Midstilt, negativ. I EPS, JPEG og PNG filformat. I lenkene under finn du ZIP-filer med alle variantane samla.
Fylkeslogoen for tannhelse
I profilen finn du fylkeslogoen for Den offentlege tannhelsa og tannklinikkane i fylket. Desse er tilgjengelege i fire variantar i fargar, og fire i svart/kvit: • Sidestilt • Sidestilt negativ • Midstilt • Midstilt, negativ. I EPS, JPEG og PNG filformat. I lenkene under finn du ZIP-filer med alle variantane samla.
Fargar til trykk
Sogn og Fjordane fylkeskommune har ein eigen fargepalett. Det er eigne fargar for trykksaker, og eigne fargar for bruk på internett/skjerm, som tek omsyn til lysstyrke. Ved å nytte dei ulike fargane skapar ein variasjon, og kan til dømes lettare skilje trykksaker frå kvarandre. Treng du å justere fargestyrken kan det bli gjort som vist nedst. Du finn rettleiing for justering av fargestyrken i profilhandboka.
 |
Mørk blå
Pantone
2955 C |
 |
Mellomblå
Pantone
313 C |
 |
Blålilla
Pantone
273 C |
 |
Raudlilla
Pantone
259 C |
 |
Blågrøn
Pantone
3272 C |
 |
Mørk grøn
Pantone
349 C |
 |
Grøn
Pantone
362 C |
 |
Gul
Pantone
123 C |
 |
Lys oransje
Pantone
152 C |
 |
Oransje
Pantone
180 C |
 |
Raud
Pantone
187 C |
 |
Svart |
Fargar til internett/skjerm
Det er 8 ulike fargar til bruk på internett og elektronisk skjerm, 4 mørke og 4 lyse fargar.Du finn rettleiing for justering av fargestyrken i profilhandboka.
 |
Mørk blå skjerm
Pantone
2955 C |
 |
Mellomblå skjerm
Pantone
313 C |
 |
Blågrøn skjerm
Pantone
3272 C |
 |
Grøn skjerm
Pantone
362 C |
 |
Grå skjerm
Pantone
7543 C |
 |
Lysblå skjerm
Pantone
551 C |
 |
Lys blågrøn skjerm
Pantone
3255 C |
 |
Lysgrøn skjerm
Pantone
367 C |
|
|
|
|
|
|
|
|
PowerPoint-malar
Skal du halde ein presentasjon kan du nytte ein av desse PowerPoint-malane til fylkeskommunen. Last ned malen til di eiga maskin og opne den i PowerPoint for å nytte den.
Sogn og Fjordane-teppe - til trykk
Det illustrerte bakteppet speglar mangfaldet i fylket vårt og dei områda der fylkeskommunen er ein medspelar. Teppet egnar seg godt som bakgrunn og til dekking av større flater. Det kan nyttast i alle fargane i fargepaletten vår. Dei grafiske elementa i teppet kan trekkast ut og nyttast som enkeltståande element for å forsterke bodskapen vi vil sende. Du finn rettleiing for justering av fargestyrken i profilhandboka.
 |
Mørk blå Pantone 2955 C:
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Lys blå Pantone 313 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Blålilla Pantone 273 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Raudlilla Pantone 259 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Blågrøn Pantone 3272 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Mørk grøn Pantone 349 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
|
Lys grøn Pantone 362 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Gul Pantone 123 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Lys oransje Pantone 152 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Mørk oransje Pantone 180 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Raud pantone 187 C
EPS, JPEG blank (CMYK), JPEG matt (CMYK)
Svart
EPS, JPEG (CMYK)
|
Sogn og Fjordane-teppe til internett/skjerm
Det er fire mørke og fire lyse teppefargar til bruk i digitale medium og på skjerm. Du finn rettleiing for justering av fargestyrken i profilhandboka.
Bølgja
Bølgjeelementet profilerer grunnleggjande kjenneteikn ved Sogn og Fjordane på ein fleirtydig og visuell måte. Bølgja symboliserer vasskrafta i fjord, hav og vatn, men også fjell, høgder og øyer som reiser seg opp av havet, alt saman karakteristiske grunntrekk for fylket vårt. Bølgja illustrerer grunntrekka på ein abstrakt og stilisertmåte med fjordsystem og storhav til venstre og fjell og brear til høgre. Deira nære tilknyting til kvarandre er det berande elementet.
Bølgjene er samla i ZIP-filer som inneheld filformata EPS, JPEG, PDF og PNG.
Last ned alle fargane og filene i ei ZIP-fil her.
Småbølgja
Småbølgjeelementa tek opp symbolikken i Bølgja. Tilleggselement som folk, plattform, buss, båt, tann med fleire knyter verksemda til fylkeskommunen til det altomfemnande bølgjeelementet, og menneska som bur i fylket til naturen. På den måten gjev vi eit samnemnande fylkesuttrykk saman med aktivitetar og aktivitetsområde, både ei overordna og ei individuell profilering i same uttrykk. Sjå i Profilhandboka korleis du skal nytte bølgja korrekt.
Last ned alle småbølgjene som JPEG og EPS her.
 |
Bølgje 1
JPEG, EPS |
 |
Bølgje 2
JPEG, EPS |
 |
Bølgje 3
JPEG, EPS |
 |
Bølgje 4
JPEG, EPS |
 |
Bølgje 5
JPEG, EPS |
|
Bølgje 6
JPEG, EPS |
 |
Bølgje 7
JPEG, EPS |
 |
Bølgje 8
JPEG, EPS |
 |
Bølgje 9
JPEG, EPS |
 |
Bølgje 10
JPEG, EPS |
|
|
|
|
Småbølgjer for avdelingar og andre formål
Småbølgja er her tilført element som knyter den til spesifikke verkeområde og avdelingar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Last ned alle småbølgjene for avdelingar, i JPEG og EPS, her.
 |
Administrasjon
JPEG, EPS |
 |
IKT
JPEG, EPS |
 |
Knutepunkt Sogn og Fjordane
JPEG, EPS |
 |
Kultur
JPEG, EPS |
 |
Næring 1
JPEG, EPS |
 |
Næring 2
JPEG, EPS |
 |
Opplæring
JPEG, EPS |
 |
Plan og samfunn
JPEG, EPS |
 |
Samferdsle
JPEG, EPS |
 |
Tannhelse
JPEG, EPS |
 |
Vardar for folkehelse
JPEG, EPS |
|
|
Annonsering
Fylkeskommunen har tre annonsemalar: Kunngjering, profilannonse og stillingsannonse. Under kan du finne malar som kan nyttast i Adobe InDesign. Treng du hjelp til å tilpasse ei annonse til andre storleikar, ta kontakt med informasjonstenesta.
Kunngjering:
1 spalte 38x107mm - farge
1 spalte 38x107mm - svart-kvit
2 spalter 80x122mm - farge
2 spalter 80x122mm - svart-kvit
3 spalter 122x107mm - farge
4 spalter 164x107mm - farge
Profilannonse:
Tabloid halv
Tabloid heil
Stillingannonse:
Stillingsannonse tabloid halv