blank Fjærland blank
Klimaframtida i Sogn og Fjordane
Kva er eit normalt klima i Sogn og Fjordane, Vestlandet, Noreg og i den globale verda? Korleis verkar oppvarming i globalt på lokale tilhøve på Vestandet? Kan ekstremvêr varslast? Og er det mogeleg å melde eit langtidsvarsel på 50 til 100 år?

Dette er nokre av dei spørsmål som vert stilt –og forsøkt svart på – frå forskarar frå Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen i samband med eit klimaseminar Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer i dag, torsdag 10 , og fredag 11 januar, i Førde

Det var fylkesordførar Nils R Sandal som i sin tale til Fylkestinget i juni varsla om at det skulle utarbeidast ein eigen klima- og miljøplan for Sogn og Fjordane. I talen til fylkestinget la han m.a. vekt på behovet for å skildre klimaendringar lokalt i fylket, og å gjere nærare greie for korleis konsekvensane vil merkast for innbyggjarane. Stikkord for ein slik plan skulle vere involvering og engasjement.

Seminaret om klimasårbarheit er ei oppfølging av fylkesordføraren sitt initiativ. Seminaret skal vere med å danne grunnlaget for å etablere ein kunnskapsplattform for å kunne utarbeide nettopp ein slik plan.

På seminaret på torsdag vil òg tema knytta til kartlegging av skredfaresoner, korleis klimaendringane påverkar kulturlandskapet, effektar klimaendringar på det biologiske mangfaldet, effektar på frukt- og bærdyrking, og på akvakultur og økologis generelt. På fredag vil ein studere nærare effektar av klimaendringar knytta til infrastruktur, bygningar og vasskraftproduksjon, veknader for transportsektoren, og konsekvensar for reiseliv og friluftsliv.
 
Innleiarane kjem frå Vestlandsforsking, Universitetet i bergen, Bjerknessenteret, Norsk Geologisk Institutt, SABIMA, Graminor, Høgskulen i Sogn og Fjordane, SINTEF, NVE, Statens Vegvesen og Sogn og Fjordane Eneregi.
 
 
Kontaktperson: rådgjevar Geir Lyngås, tlf 91 83 32 09, eller Trond Ueland, tlf 91 33 74 10

Publisert av: Gaute Dvergsdal Bøyum
Dato: 10. januar 2008 - kl. 14:59


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Daniel Carocca Montero

  Oppdatert 09/06/2010