blank Bredband blank
Fornying av offentleg sektor og IKT
Dei overordna måla som ligg til grunn for programstyret sitt arbeid er forankra i
fylkesplanen sin handlingsplan Folkestyre og medverknad Offentleg verksemd:
 
-          Styrke folkestyre, medverknad og fornying av offentleg sektor
-          Utvikle ein robust offentleg sektor som utnyttar ressursane effektivt, kommuniserer
             godt med innbyggjarane og produserer tenester med høg kvalitet for innbyggjarar,
             næringsliv og frivillig sektor.
 
Ein ventar at resultatet av utviklingsarbeidet vil bety samordna ressursbruk i arbeidet med
fornying av offentleg sektor i fylket. Det skal etablerast nettverk og arenaer for erfaringsutveksling og læring i sektoren. Fylket er godt posisjonert i nasjonale program og satsingar og det er skaffa ekstern finansiering til satsingsområda. Ein ønskjer også å etablere
fylket som leiande i bruk av IKT som verktøy for effektivisering, brukardialog og
tenesteutvikling i offentleg sektor. Programmet for Fornying av offentleg sektor og
IKT er etablert for å følgje opp denne satsinga. Programmet skal vere ein arena for koordinering
og samarbeid mellom nært slekta utviklingsarbeid.
 
 
 
Deltakarar:
Anne Karin Hamre, leiar (Fylkesmannen)
Olav Lunden (KS)
Marit Larssen (Regionråda)
Svein Ottar Sandal (Fylkeskommunen)
Kåre Træen,sekretær (Fylkesmannen)
Jo Tore Kristoffersen, sekretær( Fylkeskommunen)

Publisert av: Elianne Eggum
Dato: 19. januar 2012 - kl. 12:47


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 02/03/2012