Vestlandsprogrammet er ei fylkesovergripande satsing som involverer Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Føremålet med programmet er å bidra til ei kommersialisering av nye marine oppdrett-sartar på Vestlandet.
Prioriterte artar i dette programmet er torsk, kamskjel, østers, blåskjel, kveite og kråkebolle. I tillegg er stortare og leppefisk under vurdering.
Programmet lyser med ujamne intervall ut midlar til delfinansiering av utviklingsprosjekt for dei prioriterte artane.
Storleik på tilskotsordninga
Programmet disponerer om lag 4 mill kr årleg. Søkjar kan få inntil 50% offentleg støtte av totalbudsjettet.
Kven kan søke?
Open for alle, men søknaden må ha si hovudtilknyting til næringsbedrifter i fleire av vestlandsfylka. Næringa må stå bak søknaden, dette må synleggjerast i prosjektplan og budsjett.
Tildelingskriterium
- Fylkesovergripande, gjerne fleirårige prosjekt.
- Prosjektet må bidra til kunnskap som kan kome ein betydeleg del av bedrifter i næringa til gode
- Prosjektet må vere meir utviklingsretta enn forskingsretta.
- Gjerne (helst) fleirårige prosjekt (gjeld ikkje forstudie/forprosjekt).
- Prosjektet skal bidra til å løyse ein identifisert flaskehals for næringa.
- Resultata i prosjektet skal vere etterprøvbare (vere faktiske/kunne målast).
- 2009: Fokus på produktutvikling (effektivisering og/eller teknologiutvikling).
Søknad og retningslinjer
Det vert inga utlysing av midlar for 2010.
- Sogn og Fjordane fylkeskommune, NA
Lena M. Søderholm
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Mobil: 970 35 449
E-post: lena.soderholm@sfj.no