Sogn og Fjordane er rikt på naturressursar som vatn, vind, skog og mineraler i eit attraktivt landskap. Fylket har mykje verna areal. Samtidig er Sogn og Fjordane eit av fylka med størst vasskraftproduksjon. Fylket ligg også i toppen når det gjeld potensial for utbygging av ny fornybar energi.
Vasskraft
Årleg middelproduksjon innafor fylkesgrensene er i 2010 14,6 TWh. For landet under eitt er middelproduksjonen 124 TWh. Ca halvparten av den årlege produksjonen i fylket vert brukt lokalt ( kraftintensiv industri og alminneleg forsyning). Den andre halvparten vert transportert ut av fylket, vesentleg austover frå kraftverk i Indre Sogn, m.a. eigd av andre fylke/kommunar.
Fylket har gode forhold for meir vasskraftutbygging:
• Fjordlandskap, med høge fjell, isbrear, bratte lier, elvar og vatn. Det er fallhøgde og vassmengde som gir kraft….
• Nedbøren er ”godt” fordelt over året
– Mykje nedbør (m.m./år) Brekke: 3600, Ålfoten: 2200. Solheim i Gloppen: 2500. Jostedal: 1330. Tyinosen: 1000. (For samanlikning: Lom: 320 m.m./år)
– Store deler av året som regn, gunstig for elvekraftverk.
– Deler av året som snø, gir snømagasin for vår/sommar
• Etablerte kraftselskap, innafor både produksjon og overføring
• Kompetanse: planlegging, utbygging og drift
• Leverandørar og entreprenørar, spesielt for mindre anlegg
Faktagrunnlag for framtida
Nedanfor er det vist tabellar og figurar som er relevante med tanke på framtida når det gjeld bruk og vern av vasskraftressursane.

Tabell henta frå NVE som viser utbygd, konsesjon gitt, potensial for vidare utbygging, verna og samla vasskraftpotensial i alle fylka og landet. Tabellen viser at i tillegg til eit utbygt kraftvolum i 2010 på 14,6 TWh var det på same tid gitt konsesjon til nye 0,7 TWh. Samla utbyggingspotensial i fylket er 5,7 TWh.
Figuren viser mogelege vasskraftprosjekt henta frå NVE sin ressursanalyse frå 2004. Det er skilt mellom prosjekt med utbyggingspris under kr. 3 pr. kWh og utbyggingspris mellom 3 og 5 kr. pr. kWh. Kartet viser verna vassdrag og andre verna område.
Vindkraft

Fylket har gode forhold for vindkraft
Lang kystlinje
Svært gode vindforhold på land og offshore
Godt utvikla maritimt miljø:
– Skipsbyggingsindustri
– Plastindustri
– Godt utvikla vare- og tenesteleveranse til kystbasert næringsliv
Ny 420 kV kraftlinje frå 2015 vil gje eit sterkt nett som vil kunne ta imot ny vindkraftproduksjon
|
Vindkraftprosjekt i Sogn og Fjordane
|
|
Effekt (MW)
|
|
Brosviksåta (Gulen)
|
Meldt
|
90
|
|
Ulvegreina vindkraftanlegg (Solund)
|
Meldt
|
140
|
|
Setenesfjellet vindmøllepark (Gulen)
|
Konsesjonssøkt
|
50
|
|
Mehuken 1 (Vågsøy).
|
Utbygd
|
4,25
|
|
Mehuken 1 (Vågsøy)
|
Utbygd
|
16
|
|
Okla vindpark (Selje)
|
Konsesjonssøkt
|
20
|
|
Ytre Sula, Hjønnevåg (Solund)
|
Konsesjonssøkt
|
7,5
|
|
Hennøy vindpark (Bremanger)
|
Meldt
|
20
|
|
Bremangerlandet vindpark (Bremanger)
|
Meldt
|
60
|
|
Ytre Sula vindpark (Solund)
|
Meldt
|
150
|
|
Lutelandet energipark (Fjaler)
|
Konsesjonssøkt
|
50
|
|
Guleslettene vindpark (Bremanger/Flora)
|
Meldt
|
180
|
|
Kyrkjesteinen vindkraftverk (Flora/Naustdal)
|
Meldt
|
41
|
|
Vågsvåg vindkraftverk (Vågsøy)
|
Meldt
|
24
|
|
Sum
|
|
852,75
|