Samarbeidet mellom Sogn og Fjordane og Highland og Shetland i Skottland har gått over 10 år, men starta meir formelt i 2005. I mai 2005 vart det skreve under ein partnarskapsavtale mellom partane. Avtalen hadde som mål å etablere sterke kontaktar og dele gode erfaringar omkring bygdeutvikling i små og perifere bygdesamfunn. Partnarane i avtalen inkluderte viktige regionale organisasjonar på begge sider av Nordsjøen. I Sogn og Fjordane deltok Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Innovasjon Noreg, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Innovasjon Noreg har etterkvart trekt seg ut, medan Vestlandsforsking i større grad har delteke i samarbeidet. Frå Skottland har Highland Council, Shetland Islands Council, Highland and Islands Enterprise, University of Highland and Islands, Scottish Natural Heritage og Royal Society of Protection of Birds.
Samarbeidet starta ut gjennom eit bygdeutviklingsprogram som skulle gå føre seg frå 2005 til 2007. Frå Sogn og Fjordane har fylkeskommunen i hovudsak vore med å finansiere samarbeidet. I tillegg har fylkesmannen bidrege, det same har kvar av dei tre involverte kommunane. I Skottland har aktiviteten vore fullt ut finansiert gjennom EU sitt LEADER+ program. I denne fasen har ein konsentrert seg om:
- Ein vid strategisk prosess for å utvikle og bygge ein politisk plattform, prioritere og evaluere konkrete prosjekt.
- Etablere eit program med konkrete prosjekt med særleg vekt på bygdeutvikling og lokal involvering.
Hovudtema for samarbeidet I denne fasen har vore knytta til
- Natur- og kulturarv — sosioøkonomiske fordelar.
- Bygdeutvikling.
- Lokalsamfunn og landforvaltning (Community land and resource management).
- Lokale produkt.
- Ungdomsdemokrati.
Målet har vore
- Å etablere tette band mellom Sogn og Fjordane og Nord-Skottland
- Etablere tette band mellom bygdesamfunn og utveksle gode erfaringar omkring bygdeutvikling
- Identifisere nye område for samarbeid frå 2007-10-30
Samarbeidet så langt har mellom anna resultert i
- Utvikling av ein langsiktig bilateralt samarbeid mellom 3 lokale samfunn i dei tre regionane.
- 2 studieturar for den regionale partnarskapen, 3 besøk mellom dei ulike lokale samfunna som har delteke, og minst 2 meir spesifikke besøk (t.d. fylkesting for ungdom som vitja tilsvarande ordning i Highland).
- 4 lokalsamfunnsprosjekt knytta til reiselivs og interpretasjon, entreprenørskap, ungdom og folkemusikk og lokal ressursforvaltning (land managment).
Kontakt internasjonal koordinator Trond Ueland, trond.ueland@sfj.no eller rådgjevar hos fylkesmannen, Roar-Werner Vangsnes, rwv@fmsf.no.