Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer temadag i høve høyringa av Fylkesdeplan for klima og miljø på Rica Sunnfjord Hotell i Førde den 30. september.
Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer temadag i høve høyringa av Fylkesdeplan for klima og miljø på Rica Sunnfjord Hotell i Førde den 30. september.
Føremålet med dagen er mellom anna:
- å gjere høyringsutkastet til fylkesdelplanen kjent for fylkespolitikarane, kommunane, regionale statlege styresmakter, næringslivet og andre relevante aktørar
- tilføre kunnskap til deltakarane og
- få inn synspunkt på hovudgrepa i høyringsutkastet
Temadagen gir ikkje nokon presentasjon av dei forventa klimaendringane. Dette føreset vi er kjent. Vi går rett på utfordringane og drøfting av tiltak og verkemiddel.
Programmet er så og seie på plass:
Statssekretær Heidi Sørensen frå Miljøverndepartementet kjem og vil mellom anna ta føre seg regjeringa sine krav og forventningar til lokal og regional klimapolitikk. Fylkeskommunen vil presentere innhaldet i høyringsutkastet Fylkesdelplan for klima og miljø. Nurket Klem frå KS vil orientere om prosjektet ”Livskraftige kommuner” og korleis arbeidet er lagt opp i Sogn og Fjordane. Siv.ing. Kjell Gurigard vil informere om delprosjektet ”Informasjons- og motivasjonsprosjekt - Bioenergi” i regi av Sandane Næringshage. Ein av Sverige sine fremste forskarar på Lokal Agenda 21 og lokal klimapolitikk – Katarina Eckerberg, vil seie noko om erfaringane med lokal klimapolitikk i Sverige. Samstundes vil både ho og Kurt Oddekalv gi ei kritisk vurdering av arbeidet i Sogn og Fjordane. Vidare vil forskarar frå Vestlandsforsking ta føre seg lokale klimapolitiske utfordringar.
Så snart programmet er på plass, vil dette bli formidla. Inntil vidare, set av den 30. september til temadag om klimaplanen.
Kontaktperson:
Harald N. Offerdal
Epost: harald.offerdal@sfj.no
Mobiltlf.: 90794526