Den regionale partnarskapen står sentralt i iverksetjinga av fylkesplanen, ikkje minst for å sikre
samordning og koordinering dei ulike aktørane seg imellom.
Det vart våren 2006 etablert fem fylkesplanprogram med eigne styre:
I programstyra finn vi mellom anna folk frå næringslivet, Innovasjon Norge, fylkesmannen,
regionråda/kommunane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, vidaregåande skule, Fiskeridirektoratet
og fylkeskommunen (både politisk og administrativt).
Mellom anna på grunnlag av føringane frå fylkesplanen sin handlingsdel utarbeider dei fem
programstyra eigne årlege handlingsplanar. Desse vert handsama av hovudutval for plan og
næring, og programstyra får då stilt fylkeskommunale midlar til rådvelde og hovudutvalet har
høve til å gje utfyllande føringar. Programstyra er ansvarlege for gjennomføring av
handlingsplanane, innanfor dei føringar som er gjevne – og innanfor dei midlar som er stilte til
rådvelde.