blank Vindmølle
Miljøvenlig vindkraft
Framlegg til planprogam
blank
Tilrettelegging for miljøvenleg vindkraft
Fylkeskommunen har starta arbeid med Fylkesdelplan for vindkraft. Overordna mål er at planarbeidet skal legge til rette for at Sogn og Fjordane kan bli eit pilotfylke i arbeidet med å auke vindkraftproduksjon.


Vi legg opp til ei framdrift som gjer at planen kan vedtakast i desember 2009. Det er laga eit planprogram, som definerer kva innhald planen skal ha. Dette finn du nedanfor.

Operative mål for planarbeidet er å:
· kartlegge resursar og avklare arealbruk for produksjon av vindkraft i fylke. Vidare er målet å kartlegge potensiale og utfordringar for ulike næringsinteresser.
· samle kunnskap om viktige regionale og nasjonale verdiar i mulege utbyggingsområde, for deretter å fastsette retningsliner som sikrar at desse verdiane vert teke tilfredsstillande omsyn til, ved handsaming av konsesjonssøknader.
· Dei retningslinene vi fastset skal medverke til å minimalisere uheldige konsekvensar av vindkraftutbygging, slik som tap av naturmangfald, friluftsområde, kulturminne og landskapsverdiar.

I planprogrammet har vi elles definert følgjande hovudinnhald for planen:
”Faktadel”:
- Bakgrunn og innleiing
- Tematiske kart og tekstdel, ut frå eksisterande kunnskap, med vekt på nasjonale og regionale verdiar
” Regionale retningsliner ” (politisk del):
- Dele planområdet etter konfliktpotensialet, ved for eksempel å
- Peike ut område kor vi meiner det er stort konfliktpotensial
- Peike ut område med akseptabelt konfliktpotensial
- Peike ut område med uavklara konfliktpotensial
- Utforme retningsliner for planlegging og etablering av vindkraftanlegg i Sogn og Fjordane

Medverknad
Før planprogram vart vedteke hadde eit framlegg vore ute til høyring (sjå arkivartikkel, nedanfor). Det kom inn 19 høyringssvar. De finn eit samandrag av desse, med våre kommentarar, nedanfor. Framlegg til plan vil også bli lagt ut til offentleg ettersyn/høyring, før planen vert vedteken. Dette vil bli annonsert i aviser og på våre heimesider. I samband med høyring vil det også bli halde opne informasjonsmøte.

Dei som har interesse av det kan elles følgje planarbeidet gjennom deltaking i referansegruppe. Referansegruppa har, mellom anna, tilgang til eit prosjektrom på Internett. Vi oppdaterer prosjektrommet kontinuerleg, med informasjon som er relevant for planarbeidet. Gje melding til prosjektleiar Joar Helgheim (joar.helgheim@sfj.no) dersom du vil vere med i referansegruppa.

Bakgrunn
Fylkesdelplan for klima og energi er det sett mål for vindkraft: ”..opne for produksjon av vindkraft i område med eigna vindtilhøve og avklart arealbruk. (..) Industriområde med nærleik til større straumbrukarar og forsyningsnett bør vurderast særskilt.”

Det er likevel ikkje problemfritt å byggje ut vindkraftanlegg, sidan anlegga legg band på store areal. Dei kjem ofte i konflikt med andre viktige samfunnsomsyn. Landskap, biologisk mangfald, kulturminne, reiseliv og landbruk er mellom omsyna som vert vurdert i samband med planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg.

Regjeringa legg, i følgje St. melding 26 (2006-07) om miljøpolitikk og miljøtilstanden i landet, til grunn at det vert laga vindkraftplanar i regionar med sterke utbyggingsinteresser. Dette for å leggje til rette for auka utbygging av ”miljøvennlig vindkraft”.

Planprogram 

Arkivartikkel, om høyring av planprogram

Høyringssvar, med kommentarar

Arbeidsmøte 06.10.2009

For meir informasjon kontakt:
Joar Helgheim
prosjektleiar for planarbeidet
Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: joar.helgheim@sfj.no
tlf. 57 82 50 08


Publisert av: Joar Helgheim
Dato: 28. august 2009 - kl. 11:21


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 02/03/2012