Strukturrasjonaliseringa i jordbruket held fram. Det blir færre og større bruk.
Fylket held på fleire sentrale område oppe den %vise delen av produksjonen i landet.
Men nedlegging av bruk og areal ut av aktiv drift er i strid med målet om eit levande kulturlandskap. Skogareala veks med både lauv og barskog.
Dei nærmaste åra kjem det store mengder hogstmoden skog.
Jordbruk
Sysselsetting og bruksstorleik
Jordbruket i Noreg har stadig blitt redusert i både talet på sysselsette og i tal bruk. Slik også i Sogn og Fjordane. Likevel har Sogn og Fjordane ikkje fått redusert sysselsettinga så raskt som jordbruket har på landsbasis. Tal sysselsette i jordbruket i fylket er over 2,5 gonger større enn for landet som heile.
Bruka i fylket er relativt små, med i snitt under ein sysselsett per bruk. Det indikerer at bruka gjerne er småbruk i kombinasjon med anna inntektsgjevande arbeid.
Eit anna spesielt trekk er at dette også gjeld dei bruka som driv med husdyrhald. Vanlegvis er dette meir arbeidsintensive bruk, men i vårt fylke er bruk med husdyrhald ikkje nemnande større enn bruk som er basert på planteproduksjon. Likevel er det innan husdyrhald at fylket verkelig er spesialisert. Sju kommunar har ei sysselsetting innan dette området som er over 8 gonger større enn tilsvarande for landet som heile.
Ser vi på utviklinga de siste 8 åra har nedgangen vore størst dei ytre strøka, der nedgangen i jordbruket har vore betydeleg større enn landsgjennomsnittet.
Jorbruksarealet i aktiv drift i fylket vaks fram til 2001 då det var over 480 000 daa, men har etter den tid minka ned til ca 450 000 daa. Nedgangen er størst i kystkommunane. Grovforarealet har gått noko ned, men mindre enn til dømes i Møre og Romsdal.
Tal gardsbruk har også gått jamt nedover, frå ca 5000 i år 2000 til ca 3330 i 2009. Men areal pr bruk har auka frå knappe 100 daa pr bruk til ca 135 daa pr bruk. Gjennomsnittet for landet er samtidig 216 daa pr bruk.

I vestlandsfylka Hordaland, S og F og M og R har tal bruk gått ned med 43 prosent. I områda rundt Oslofjorden, Jæren og rundt Trondheimsfjorden har nedgangen vore på berre 31 prosent.
Men til tross for ein del negative utviklingstrekk, så held Sogn og Fjordane på fleire sentrale område oppe den %-vise delen av produksjonen i landet. Dette er viktig for både fagmiljøet, lønsemda og foredlingsindustrien.

Dei største
husdyrproduksjonane viser same utviklingstrekk som for areal: det blir færre og større bruk.
I same perioden er tal mjølkebruk halvert frå ca 2117 til 1075, og berre ein del av dette kan forklarast med at det blir fleire samdrifter, som blir rekna som eitt bruk. Auken i areal og dyretal pr gardsbruk er større for landet enn i Sogn og Fjordane.

Hagebruket har auka volum av bringebær og morellar, nokolunde stabil produksjon på eple, plomme og jordbær.
Særleg på bringebær og morell har framleis hatt ein positiv utvikling både i volum og økonomi, og på landsbasis blir ca 75 % av bringebæra og 25 % av morellane produsert her i fylket.
Inntektsutviklinga
Som figuren viser har bøndene på Vestlandet jamt over ei inntekt som ligg under landsgjennomsnittet per årsverk (Kjelde: NILF sine driftsgranskingar). Lønsemda har blitt betre siste åra, men ligg framleis under landsgjennomsnittet. Noko av forklaringa er at vi har mindre gardsbruk enn i resten av landet.
Samfunnsmessig betydning utover å produsere mat og fiber
I fylkesdelplanen for landbruk gjev vi uttrykk for eit ønskje om at den nasjonale landbrukspolitikken i
sterkare grad må legge til rette for det multifunksjonelle småskalalandbruket som ein viktig del av ein heilskapleg samfunnsutvikling og naturressursforvaltning i vårt fylke. Dette betyr, utover kor viktig landbruket er for å produsere mat og fiber, at fellesgoder som rekreasjon, biologisk mangfald. kulturlandska og kulturarv er viktig for å oppretthalde levande bygder gjennom sysselsetting og busetting. Mange bønder hentar inntening frå område som økologisk landbruk, lokal foredling, overnatting, servering, historieforteljing, jakt, fiske, grøn omsorg, landskapsproduksjon, energiproduksjon, bygdesørvis, skogrydding langs vegar og kraftgater. Dette er viktig, men matproduksjon vil framleis vere avgjerande for utviklinga av landbruket på Vestlandet. Det er den samla volumproduksjonen som ligg i botnen for andre aktivitetar og som held storparten av arealet i hevd.
I 2009 budde 9 prosent av befolkninga på ein landbrukseigedom i Noreg, men denne andelen varierte mykje. I Sogn og Fjordane var kvar fjerde innbyggjar busett på ein landbrukseigedom, medan andelen for Oslo og Akershus var vel 2 prosent.
Det er også mange som bur på gardsbruk utan å stå for drifta. Vi ser tendensen med auka leige av jord. Det er derfor viktig å ha ein busetnadspolitikk for bygdene som handlar om meir enn det tradisjonelle landbruket. Vi ser ei endring i kor mange bruk som er fråflytta. Tala for fylket har endra seg frå 22,9 i 2006 til 24,3 i 2009. Generasjonsskifte er ein kritisk faktor for mange gardsbruk og mange bruk vert lagt ned fordi ingen vil ta over drifta. Skal vi sikre rekruttering til næringa må ungdomen få seie kva dei ser som interessant. Inntekt er grunnlaget, men garden må vere ein moderne arbeidsplass som tek i bruk ny teknologi, har godt arbeidsmiljø og som gjev rom for ferie og fritid. Sosialt og fagleg fellesskap er også viktig.
Økologisk landbruk
Regjeringa har vedteke ein handlingsplan for å nå målet om 15% økologisk produksjon og forbruk i 2020.
I sin handlingsplan for økologisk produksjon og forbruk heiter det:
”Noreg har gode føresetnader for å drive miljøvenleg landbruk og må utnytte miljøpotensialet som ligg i økologisk drift. Økologisk drift har, og skal ha, ein spydspissfunksjon i miljørettinga av landbruket”
Det er etiske, klimatiske, agronomiske, biologiske og samfunnsmessige grunnar for å satse på økologisk landbruk. Det skjer ei sentralisering og industrialisering i landbruket over store delar av verda. Også i Noreg har det vore ei slik utvikling til tross for politiske målsettingar om å oppretthalde det småskala landbruket basert på lokale ressursar i heile landet. På den andre sida er det ein veksande marknad for økologiske produkt, kortreist mat og ein alternativ livsstil som bygger på økologiske prinsipp.
I 2009 var 15 500daa eller 3,5% av jordbruksarealet i Sogn og Fjordane drive økologisk. Av dette utgjorde frukt og bær 298 dekar. Målsettinga er å dobla produksjon og forbruk i 2015 i høve til 2009.
Skogbruk
Skogareala veks, det gjeld både lauvskog og barskog.

Trass i den store granplantinga etter krigen har det aldri vore så mykje lauvskog i fylket som no. Det kjem store mengder hogstmoden skog, mest gran, dei nærmaste åra. Det vert no arbeidd med planar for skogsvegar og taubanar for å få utnytta desse ressursane.
Volumet av gran har meir enn dobla seg frå 1990, frå 3,4 mill m3til 7,5 mill i 2007.
Mykje av denne granskogen er i hogstklasse III og IV, og store areal vil bli hogstmodne i løpet av de nærmaste 10 –30 år.
Attgroing gjer at lauvskogarealet i fylket har auka, sjølv om 14 % av det produktive skogarealet er planta med gran.
Arealet som er klassifisert som hogstmogen skog i dag har ei utfordring i høve til utnytting av ressursane, då store deler av arealet er langt frå veg og i bratt terreng. Dette gjeld spesielt lauv- og furuskogen. En større del av granskogen står på lettare tilgjengelege område.
Relevante lenkjer:
Rapport for gjennomføring av landbrukspolitikken, NILF 2010.
SSB sine sider om jordbruk
SSB sine sider om skogbruk
Verdiskaping i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar
Fylkesdelplan for landbruk i Sogn og Fjordane
Bygdeutviklingsprogrammet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Strategi for landbruksrelatert næring og bygdeutvikling