Tysdag 6. oktober har du sjansen til å seie di meining og høyre kva andre meinar om dette. Fylkeskommunen inviterar nemleg til ope arbeidsmøte om fylkesdelplan for vindkraft, denne dagen.
Møtet er eit ledd i arbeidet med fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane. På møtet vil vi presentere eit framlegg til plan. Vi har elles utfordra ulike interesseorganisasjonar til å kome med innspel til kva retningsliner vi bør ha for vindkraftutbygging i Sogn og Fjordane.
I framkant av fylkeskommunen sitt arbeidsmøte kan du vere med på Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking si «reise i fornybar-land». Dette er eit seminar med fokus på Sogn og Fjordane sine mulegheiter til å satse på næringsutvikling knytt til energiproduksjon,
basert på fornybare energiressursar, og til å medverke til ei løysing på klimakrisa.
Både arbeidsmøte og seminar finn stad på Fosshaugane Campus og vi har lagt opp til at interesserte skal få med seg begge deler, men det er også høve til å melde seg på berre ein av delane. Frist for påmelding er fredag 25. september.
Meir informasjon, sjå:
Kart som viser kor Fosshaugane campus er