Arbeidet med å få implementert ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet vert vidareført etter at regionen fekk ei gåvepakke på 10 millioner kroner frå Gjensidigestiftinga i fjor. Pengane vert brukte til ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper i dei fire Vestlandsfylka.
Kva kan du søkje om støtte til?
Midlane skal gå til implementering av ”Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper”. Standarden byggjer på ein mal for skilting og eit verktøy for gradering som tek omsyn til vanskegrad – graderinga fylgjer fargane grønt, blått, rødt og svart. Meir informasjon om standarden. Fortløpande oppdateringar finn du også på www.fjellturisme.no.
Kven kan søkje?
Frivillige organisasjonar, destinasjonar og større geografiske områder kan stå som avsendar av ein søknad. Vi set ikkje krav til ein gitt modell, men legg vekt på at det skal vere eit godt samarbeid mellom det frivillige, reiselivet, kommune og grunnleigar. Dette bør kome tydeleg fram i søknaden.
Krav til søknaden
- Søknaden må byggje på ”Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper”.
- Det må liggje eit lokalt samarbeid til grunn for prosjektet.
- Det er krav om 50 prosent eigeninnsats i prosjektet (i form av dugnad og/eller eigne midlar).
- Ferdig utfylt søknadsskjema – inkludert plan for drift og vedlikehald.
Kva kan eit eventuelt tilskot nyttast til?
- Infrastruktur (skilt og informasjonstavler).
- Innhaldsproduksjon (informasjonstavler og tilrettelegging til print og web).
- Utarbeiding av planverktøy (løypeplanar, etc).
- Arbeid i felt
Prioriterte aktivitetar
- Vandring
- Sykling
- Ski (langrenn og topptur)
- Padling
- Søknadsfrist 15. februar 2012