Sogn og Fjordane fylkeskommune har laga ein eigen fylkesdelplan for klima og miljø, for å møte klimaendringar på best mogleg måte. Eit endra klima kan gje skadeverknader i fylket. Eit av måla med fylkesdelplanen er å lage ein politikk og utforme tiltak for å avgrense skadeverknadane. Fylkesdelplanen for klima og miljø vart vedteken av Fylkestinget på tingseta i mars 2009.
Fylkesordførar Nils R. Sandal tok i sin tale i Fylkestinget i juni 2007 til orde for at det vart utarbeidd ein Klima- og miljøplan for fylket. Fylkesutvalet gjorde i august same året vedtak om å starte opp prosessen for utarbeiding av fylkesdelplanen.
Mange utfordringar
Utfordringane rundt klima- og miljøendringar er mange i Sogn og Fjordane. Føremålet med planen er å freiste finne svaret på spørsmål som:
- Kva konsekvensar har klimapolitikken til Regjeringa og Stortinget har for dette fylket?
- Korleis kan fylket vårt på ein mest mogeleg effektiv måte medverke til at Noreg når sine klimapolitiske mål?
Dessutan er formålet å lage ein politikk og utforme tiltak for å avgrense skadeverknadane av eit framtidig endra klima i Sogn og Fjordane.
Klima- og miljøpolitikk
I planen er det særleg fokus på transportsektoren, primærnæringane, kommunal sektor og den fylkeskommunal verksemda. Eit av måla er å lage ein politikk for tiltak som kan:
- Tilpasse oss framtidige klimaendringar
- Redusere konsekvensane av framtidige klimaendringar
- Redusere klimagassutslepp i fylket
- Unngå og redusere uheldige effektar av redusert klimagassutslepp
Utslepp og sårbarheit
Som ein lekk i planarbeidet er det laga eit eige ”Analyse- og utfordringsdokument”. Det har vore eit siktemål å skildre utfordringane knytta til både klimautslepp og sårbarheit. Dette er i seg sjølv noko nytt. Analysedokumentet har lagt grunnlaget for det vidare arbeidet.
Ny heimside
Som ein del av klimasamarbeidet mellom fylkeskommunen, KS og Fylkesmannen, har det no kome ei ny nettside for klimaarbeid i Sogn og Fjordane.
Aktuelle dokument
Vedteke fylkesdelplan for klima- og miljøplan
Analyse- og utfordringsdokument
Høyringsdokument - Framlegg til planprogram
Planprogram - endeleg
Mål og strategiar - høyringsutkast
Handlingsplan - høyringsutkast
Fylkesdelplan for klima og miljø
Nyhendearkiv
- Søkjelys på klima (20.08.2009)
Vedteke fylkedsleplan for klima og miljø
- Fylkesdelplan for klima og miljø (03.11.2009)
Framlegg frå fylkesrådmann februar 2009
- Vellukka temadag om klimaplanen (07.10.2008)
Vi la mellom anna opp til å få eit kritisk blikk på det utsendte høyringsutkastet for planen.
- Høyringsutkastet for klimaplanen (22.09.2008)
Høyringsutkastet for klimaplanen blir no sendt høyringsinstansane. Planen som har fokus både på klimagassutslepp og sårbarheit i høve endra klima, består av to dokument; ein mål- og strategidel og eit handlingsprogram.
- Minner om temadag klimaplanen den 30. september (19.09.2008)
Sogn og Fjordane Fylkeskommune arrangerer temadag i høve høyringa av Fylkesdelplan for klima og miljø på Rica Sunnfjord Hotell i Førde den 30. september.
- Klimaplanen på høyring (15.09.2008)
Etter eitt års innsats er no administrasjonen sitt utkast til klimaplan klar til å sendast ut på høyring etter at fylkesutvalet har gjeve samtykke til det.
- Heidi Sørensen og Kurt Oddekalv innleiarar på temadag om klimaplanen (11.07.2008)
Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer temadag i høve høyringa av Fylkesdeplan for klima og miljø på Rica Sunnfjord Hotell i Førde den 30. september.
- Klima- og miljøplanen: planprogrammet klart (06.20.2008)
Det endelege planprogrammet for den nye fylkesdelplanen for klima og miljø ligg no føre. Fylkeskommunen lagar planen for at Sogn og Fjordane skal kunne møte klimaendringar i framtida på best mogleg måte.
- Klima og miljø i Sogn og Fjordane – ny fylkesdelplan (20.06.2008)
Sogn og Fjordane fylkeskommune lagar ein eigen fylkesdelplan for klima og miljø, for å møte klimaendringar på best mogleg måte. Eit endra klima kan gje skadeverknader i fylket. Eit av måla med fylkesdelplanen er å lage ein politikk og utforme tiltak for å avgrense skadeverknadane. Fylkesdelplanen for klima og miljø skal vedtakast av Fylkestinget på tingseta i desember.
- Klimaseminar (08.04.2008)
Sogn og Fjordane fylkeskommmune og fylkesmannen inviterer 9/4 kommunane i fylket til dagsseminar om klimaendringar. Bjerknessenteret vil foredra om kva konkrete verknader klimaendringane vil gi i fylket.
- Fylkesdelplan for klima og miljø - høyring av planprogram (08.04.2008)
Fylkeskommunen har no sendt ut varsel om oppstart av arbeidet med Fylkesdelplan for klima og miljø. Framlegg til planprogram er lagt ut til høyring med høyringsfrist 19. mai 2008.
- Seminar om skog og klima i Sogndal 23. januar 2008. (18.01.2008)
Prosjekt Kystskogbruket i Sogn og Fjordane innbyr til seminar om skog og klima i auditoriet på Campus, Stadionbygget, onsdag 23. januar. Tema for seminaret er mellom anna skogen sin rolle i høve energi, karbonbinding og klima.
- Klimaframtida i Sogn og Fjordane (10.01.2008)
Kva er eit normalt klima i Sogn og Fjordane, Vestlandet, Noreg og i den globale verda? Korleis verkar oppvarming i globalt på lokale tilhøve på Vestandet? Kan ekstremvêr varslast? Og er det mogeleg å melde eit langtidsvarsel på 50 til 100 år?
- Ungdommen sine fotavtrykk i klimadebatten (10.01.2008)
Då det første Gulating for ungdom vart arrangert fredag 27. april 2007, sette ungdommane som deltok bokstaveleg talt sine eigne fotavtrykk i klimadebatten. No ligg rapporten føre.
- Fylkesordføraren lanserte fylkesprogram for klima og miljø (06.12.2007)
Fylkesordførar Nils R. Sandal gjorde opptakten til eit fylkesprogram for klima og miljø då han tala til fylkestinget som er samla i Førde.

Oppstart i 2007