blank Illustrasjon sommarcamp
Båttur er ein av aktivitetane som står på programmet. Dei elevane som ønskjer det, kan også ta båtførarprøven i løpet av sommarcampen.
blank
16 elevar deltek på Ny GIV-sommarcamp
Elevane som tek del i Ny GIV-satsinga skal delta på to veker sommarcamp på Nordfjord folkehøgskule i juni og juli. Her vert det blant anna padling, surfing, riding og mange andre aktivitetar. Ungdomane får også tilbod om å ta båtførarprøven.

Praksis og teori går hand i hand på sommarcampen , og målet er at deltakarane skal få positive opplevingar saman med andre ungdomar på same alder. I ti dagar skal dei ha base på folkehøgskulen på Vereide i Gloppen.

Elevane som deltek går ut av 10. klasse i vår. Dei får dekt all mat, opphald, turar, aktivitetar og reise, og to nøkkelord for campen er friluftsliv og fellesskap. Aktivitetane inkluderer båttur, motorcross, klatring, og dei får prøve å skyte med pil og boge frå hesteryggen.

Ny GIV er ein nasjonal dugnad for å få fleire ungdomar til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Sommaraktivitetar er ein del av prosjektet for å aktivisere og motivere elevane gjennom sommaren mellom ungdomsskule og vidaregåande.

Meir om sommarcampen.

Meir om Ny GIV.

For meir informasjon
Sissel Espe
e-post: sissel.espe@sfj.no  
tlf. 57 65 65 22 / 481 52 638


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 11. mai 2012 - kl. 14:23


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/23/2013