blank blank
Retningsliner for TT-ordninga i Sogn og Fjordane.
I januar 2008 vedtok hovudutval for samferdsle nye retningsliner for ordninga med tilrettelagde transportar (TT-ordninga) i Sogn og Fjordane. Dei nye retningslinene er gjort gjeldande frå 1. januar 2008. Transporttenesta er meint å vere eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.

 Drosje
I St.meld. nr 92 (1984 - 85) "Om transport av funksjonshemmede" er funksjonshemma definert slik:

"Som funksjonshemmet regnes person som ikke uten vesentlige vanskeligheter kan bruke
vanlige kollektive transportmidler."
 
Transporttenesta er meint å vere eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig
forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Det er ein intensjon
å prioritere personar med livslang forflyttingshemming.
 
Transporttenesta er i utgangspunktet eit tilbod om fritidsreiser, men kan nyttast til alle typar reiser med unntak av:

-  Reiser som blir betalt av trygdekontor. Eigendel ved slike reiser skal transportbrukar
betale sjølv på
   lik line med andre som reiser for trygda si rekning
-  Reiser til/frå skule
-  Andre reiser betalt av det offentlege

Godkjenning av transportbrukarar
Kommunane godkjenner personar etter søknad på fastsett søknadsskjema.

Person som er godkjend som tt-brukar i anna fylke, må søkje om ny brukargodkjenning ved flytting til Sogn og Fjordane.

Person som er godkjend som tt-brukar i Sogn og Fjordane, men som flyttar innan fylket, treng ikkje å søkje på nytt. Brukaren blir å registrere som brukar i sin nye heimkommune. Kommunane blir oppmoda om å skipe ei godkjenningsemnd for å avgjere søknader.

Kven vert ikkje omfatta av ordninga?
Funksjonshemminga skal være varig og må vare i minst 1 år for at søkjar skal kunne godkjennast. Graden av forflyttingshemming skal leggjast til grunn , ikkje type funksjonshemming eller alder. Transporttenesta er ikkje meint å vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande bustad.

Prioritering av søkjarar
Ved prioritering av søkjarar vert brukarane prioritert etter ikkje skjønnsmessig vurdering og ei skjønnsmessig vurdering.  Brukarar som ikkje har ei skjønnsmessig vurdering har førsteprioritet.  Retningslinene seier følgjande:

Ikkje skønnsmessig vurdering, førsteprioritet
- Rullestolbrukarar og blinde skal godkjennast utan omsyn til mottak av eventuell grunnstønad til 
  transport/stønad til eigen bil frå folketrygda. 
- Søkjar som er godkjend tt-brukar i anna fylke, men som flyttar til Sogn og Fjordane, og som oppfyller 
  godkjenningsvilkår

Skjønnsmessig vurdering/prioritering
-  Søkjar med varig livslang forflyttingshemming skal prioriterast
-  Søkjar (ikkje rullestolbrukar, blind, jfr.2.3 .1) som mottek grunnstønad til transport/stønad til eigen
   bil frå folketrygda, kan prioriterast etter søkjar utan slik stønad.
-  Søkjar med varig forflyttingshemming, men mest knytta til visse delar av året, kan prioriterast etter 
   søkjar med konstant varig forflyttingshemming.

Dei nye retningslinene for tilrettelagt transport i Sogn og Fjordane

Søknadskjema om tilrettelagt transport

Eigenerklæring

For nærare informasjon om TT-ordninga i Sogn og Fjordane, kontakt:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Regionalavdelinga v/Oddveig Hove
Tlf 57 65 62 43


Publisert av: Ole Ingar Hagen Hæreid
Dato: 16. september 2008 - kl. 13:05

Relaterte lenkjer:


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 02/03/2012