blank Måløy sentrum fekk tilskot til stadanalyse 2011.
I 2011 vart det gjeve midlar til stadanalyse for Måløy sentrum. (Foto: Mona Elisabeth Steinsland)
Kaibutikken i Måløy er eit særprega smau i sentrum.
Kaibutikken i Måløy er eit særprega smau i sentrum. (Foto: Mona Elisabeth Steinsland/Sogn og Fjordane fylkeskommune)
blank
Tettstadforming

Alle kommunane i Sogn og Fjordane kan søkje tilskot til tettstadforming i kommunesentra.

Fylkeskommunen legg til grunn att attraktive og miljøvennlege tettstadar er viktige for identitet, trivsel, bulyst og virke. Tiltak som kan få støtte er utarbeiding av gode og attraktive møteplassar, som torg, parkar og allmenningstrukturar for ålmenta. Tettstadprosjekt skal vera forankra i stadanalyse og ha universell utforming.

Tiltak skal vera stadspesifikke med bakgrunn i staden sitt særpreg i høve natur, landskap, klima og historie. Natur og menneskelege handlingar pregar staden. Menneske, kultur og natur gjev staden sjølvstendig karakter og eigenskap – identitet; ”min” heimstad.

Fylkeskommunen utfordrar kommunane til å invitere born, eldre, vaksne og unge til ein open og allmen deltakande prosess for å sjå og klårgjere problemstilling(ar) og aktuelle tettstadprosjekt.

Fylkeskommunen gjer òg merksam på at einskilde tettstadprosjekt kan vera aktuelle for å søkje statleg tilskot til kunst i offentlege rom (KORO) og/eller tilskot til kunstprosjekt i offentlege uterom (URO).

Meir om ordninga og retningsliner på KORO.

Orientering om verkemiddelbruken for 2012
Verkemiddelbruken vert frå 2012 skjerpa og retta mot tiltak og prosjekt som set folk fyrst, der det er klåre strategiar for medverknad i prosess, analyse og konkretisering.

Tilskotsordninga kan brukast til analysearbeid, gjennomføring av medverknadsprosessar og konkrete tiltak. Tiltaka skal vere baserte på analysar og vere forankra i kommunale planar.

Fylkeskommunen legg vekt på prosjekt der ein grip tak i ein heilskapleg tettstadutvikling og på arkitektur og landskapsarkitektur som inviterer til aktivitet og bruk, møter og samtalar mellom folk på staden. Fylkeskommunen ser etter konsept og uttrykk til opne og demokratiske møte mellom folk, stad og som bakgrunn for “den gode samtalen” i det offentlege rom. “Offentlege rom” som er forma i høve til tre skala: makro(det store landskapet), meso (samfunnskala) og til mikro (i mennesket sin storleik).

Tilskotsordninga vert brukt på tiltak basert på analyser som styrker identitet, tilhøyring og særpreg, heimstadkjensle og deltaking.

Dokument
Kontaktperson(ar)
Viktige datoar
  • Søknadsfrist: Fredag 15. januar 2012
  • Kommunane kan vente svar i mars/april 2012

Publisert av: Asbjørn Ness
Dato: 23. november 2011 - kl. 13:08


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012