blank blank
Bulyst 2012

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har lyst ut 32 millionar kroner til prosjekt som kan skape bulyst. KRD kan dekke inntil 50% av prosjektkostnadane. Fylkeskommunane skal samordne søknadane i Sogn og Fjordane. Vi oppmodar difor alle med gode bulystprosjekt om å søkje om støtte innan 5. mars.

Attraktive lokalsamfunn
Det er eit mål å legge til rette for meir attraktive lokalsamfunn. Departementet ynskjer også å utvikle ny kunnskap om kva som påverkar folk sine val av bustad. Midlane skal bidra til bulyst og kan dekke mange innfallsvinklar. Departementet legg vekt vekt på å finne pilotprosjekt frå dei fleste kantar av landet.

Kven kan søkje?
Alle offentlege og private aktørar og verksemder med konkrete hovudprosjekt kan søkje. Dette kan til dømes vere fylkeskommunar, kommunar og organisasjonar.

KRD ønskjer å prioritere følgjande tema i 2012:

  • Inkludering av innvandrarar i distriktsområda 
  • Utviklingsprosjekt retta mot ungdom 
  • Tilflyttingsprosjekt

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil i tillegg vurdere søknadane ut frå følgjande kriteriar:

Forankring i plan/strategiar/kommune
Forankring i fylkeskommunale og kommunale planar

Slår ut når søknader står likt:
Kommunar/lokalmiljø/målgruppe som ikkje har fått før.

Søkjerkonferanse
Vi vil vise til invitasjon på heimesida om søkjerkonferanse 27. februar. Der vil vi gi gode råd på korleis skrive gode søknadar.

Dokument
Søknadsskjema
Kontaktperson(ar)
Viktige datoar
  • Søknadsfrist 5. mars 2012

Publisert av: Asbjørn Ness
Dato: 1. februar 2012 - kl. 12:13


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 10/24/2014