blank blank
Levekår, bu og leve
Sogn og Fjordane – noko for seg sjølv Når vi ser på sosiale tilhøve kjem Sogn og Fjordane ofte betre ut enn landsgjennomsnittet. Det er framleis grunn til å nytte omgrepet trivselsfylke. Det er ikkje store sosiale skilnader og vi har unngått ein del av sosiale problem som kan kjenneteikne store byar og tettstader. På mange område har vi greidd å halde på dei gamle vestlandske normene. Samanlikningar som Folkehelseinstituttet lagar viser betre helsetilstand og betre risikoprofil enn landet elles. Låg arbeidsløyse over mange år og god helsetilstand i fylket bidreg til relativt låge utbetalingar til arbeidsrelaterte ytingar og sosialhjelp.

Indikatorar for Song og Fjordane. Kjelde: NAVI Sogn og Fjordane er 2,6 prosent av befolkninga rekna som fattige samanlikna med 4,4 prosent for landet totalt. Vi ser også at inntektsfordelinga er jamnare i Sogn og Fjordane enn i landet elles.

12,3 prosent av borna under 16 år i Sogn og Fjordane bur enten hjå far eller mor. Det tilsvarande talet på landsplan er 15,8 prosent. Dette forholdet speglar seg og i prosentdelen skilde og separerte. Medan 6,4 prosent av vaksne under 60 år er skilde eller separerte i Sogn og Fjordane gjeld dette 9,2 prosent på landsbasis.

Ein mindre del av befolkninga i Sogn og Fjordane (16,9%) enn i landet som gjennomsnitt (20,6%) har høgare utdanning, dvs utdanning utover vidaregåande skule. Noko av denne skilnaden skuldast at befolkninga i Sogn og Fjordane er eldre enn landsgjennomsnittet, fordi eldre har lægre utdanning enn yngre.

5,7 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane er 80 år eller eldre. Dette er 1,2 prosenteiningar høgare enn landsgjennomsnittet.

Vi skårar høgt på mange statistikkar

I 2009 - dobbeltnummer av SSB sitt ”Samfunnspeilet” finn vi ei rekke indikatorar som viser at livet er godt å leva i Sogn og Fjordane.

  • Fylket ligg i landstoppen når det gjeld kor mange som gjennomfører vidaregåande opplæring og vi scorar høgt på eksamensstatistikken
  • Rogaland og Sogn og Fjordane toppar lista over «dei mest fruktbare» fylka i landet
  • Høgast barnehagedekning: Sogn og Fjordane og Nord Trøndelag hadde ein dekningsgrad på over 98 prosent for aldersgruppa 3-5 år.
  • I andre kvartal 2009 var andelen sysselsette høgast i Rogaland, Sogn og Fjordane og Akershus.
  • Dei fylka som hadde lågast sjukefråværsprosent (legemeldt) i andre kvartal 2009 var Rogaland, Sogn og Fjordane og Oslo - alle med under 6 prosent.
  • Finnmark, Møre og Romsdal, Rogaland og Sogn og Fjordane hadde dei høgste andelane sysselsette innvandrarar i 2008 – alle på over 70 prosent.
  • Minst ulikskap i inntekt finn vi i Finnmark, Nordland, Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane.
  • Hushaldningane i Sogn og Fjordane har lågast andel hushaldningar med høg gjeldbelastning
  • Hushaldningane i Sogn og Fjordane har flest pengar i bakhand.
  • Lågast utbetaling på sosialhjelp har Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
  • Fylke med færrast born på omsorgstiltak i 2008 var Sogn og Fjordane.
  • Låg uføreandel men mange AFP-pensjonistar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
  • Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal som er dei fylka med minst registrert kriminalitet.
  • Akershus, Sogn og Fjordane og til dels Rogaland og Møre og Romsdal viser arbeidsløyserater godt under landsgjennomsnittet.

Betre helsetilstand og betre risikoprofil enn landet elles

 Fylkesbarometer for Song og Fjordane. Kjelde: Folkehelseinstituttet
Figuren viser avvik (i prosent) mellom Sogn og Fjordane og gjennomsnittet for Noreg. Verdiar som ligg innanfor den blå ringen er som regel eit teikn på betre helsetilstand og betre risikoprofil enn i landet elles.

 

 

 

 

Fylket har høgast forventa levealder ved 65 år

Forventa levealder for menn 65 år. Kjelde: FolkehelseinstituttetForventa levealder for den befolkningsgruppa som har fylt 65 år har auka. For landet som heilskap kan 65 år gamle menn i gjennomsnitt vente å leve til dei er 81,6 år og kvinner til 85,1 år. Det viser statistikken for 2001-2005.

Forventa levealder for den befolkningsgruppa som har fylt 65 år har auka. For landet som heilskap kan 65 år gamle menn i gjennomsnitt vente å leve til dei er 81,6 år og kvinner til 85,1 år. Det viser statistikken for 2001-2005.

 

 

Forventa levealder for kvinner 65 år. Kjelde: Folkehelseinstituttet

Finnmark og Østfold har lågast forventa levealder for menn på 65 år, høvesvis 80,3 og 80,8 år. For kvinner på 65 år har åtte fylker forventa levealder mellom 84 og 85 år. Sogn og Fjordane ligg på topp med 86,4 år.

Figurane viser utviklinga i forventa levealder for den befolkningsgruppa som har fylt 65 år – i landet og for Finnmark og Sogn og Fjordane fylke.

 

 

 Ytingar frå NAV

Prosentdal av yrkesaktiv befolkning som mottek ytingar frå NVA. Kjelde: NAV

I Sogn og Fjordane mottek 16,7 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder (16 – 66 år) som mottek dagpengar under arbeidsløyse, arbeidsavklaringspengar og uførepensjon. Det tilsvarande talet for landet totalt er 20,1 prosent. Den låge arbeidsløysa over mange år og den gode helsetilstanden i fylket er truleg dei viktigaste grunnane til at så få i vårt fylke mottek arbeidsrelaterte ytingar frå NAV. Der et likevel interne skilnader mellom kommunane.

 

 

 

 

 

Relevante lenker:
SSB side om befolkning
Folkehelseinstituttet
Kommunehelseprofil
NAV

 


Publisert av: Jo Tore Kristoffersen
Dato: 15. desember 2010 - kl. 12:53


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012