blank blank
Miljøkriterium

Som innkjøper til det offentlege er du pålagt å ta ei rekkje omsyn i samband med innkjøp. Av desse er det nok miljøkriteria som er mest under utbygging nett no. Desse kan allereie i dag vere særs strenge, og det er grunn til å tru at omfanget berre kjem til å verte større.

Dette gjeld ikkje berre varer som allereie har fått kriterie, men talet på varer med miljøkriteriesett kjem òg til å auke.

For å lette prosessen for offentlege innkjøparar har det vorte lage kriteriesett til bruk i ein anbodsprosess.

Miljøinnkjøp, DIFI og Innkjøpspanelet har laga kriteriesett for ei rekkje varer til bruk for offentlege innkjøparar. Desse er ikkje obligatoriske i bruk i anbodsprosessar, men rettleiande.

I tillegg er det viktig å hugse at miljøkriteria kan verte sett på fleire nivå i anbodsprosessen:

  •  som tekniske spesifikasjonskrav
  •  som krav til leverandøren
  • som tildelingskritere
  • som kontraktskrav 

Desse vil då skilje seg frå dei kriteriesetta vi har lenka  til her, ved at dei må integrerast meir i prosessen. Eit døme på dette er miljøomsyn i dei tekniske spesifikasjonskrava. Nye og meir miljøvenlege løysingar kan verte sett som spesifikasjonskrav til vara eller tenesta og slik gi betre miljøprofil på innkjøpet. 

Her er eksempel på anbod der miljø har satt eit stort preg på anbodet:


Publisert av: Asbjørn Ness
Dato: 28. februar 2011 - kl. 14:26


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012