Fylkestinget er det øvste folkevalde organet i Sogn og Fjordane. Fylkestinget kjem saman 3–4 gonger i året.
Val og samansetnad
Fylkestinget har 39 medlemer med varamedlemer. Medlemene vert valde av dei innbyggjarane i fylket som har røysterett. Valet gjeld for fire år.
Medlemer i fylkestinget, perioden 2011-2015
Varamedlemer i fylkestinget, perioden 2011-2015
Arbeidsområde
Fylkestinget gjer vedtak på vegner av fylkeskommunen i alle saker dersom anna ikkje følgjer av lov eller fylkestinget sine delegeringsvedtak.
Fylkestinget har all mynde som ikkje positivt er lagt til andre organ.
Saksgang, sekretariat med vidare
Saker frå hovudutvala skal som hovudregel gå direkte til fylkestinget utan handsaming i fylkesutvalet. Unnatak gjeld for årsbudsjett, økonomiplan og fylkesplan, og saker frå hovudutvala som inneber endringar i føresetnadene i desse overordna dokumenta eller der ein på annan måte legg opp til vedtak av vesentleg prinsipiell rekkevidde.
- Fylkesordføraren er ansvarleg for å vurdere om sakene skal gå direkte frå hovudutvala til fylkestinget eller om dei bør gå via fylkesutvalet.
- Saker som ein vil ha lagt fram for fylkestinget må vere komne inn til fylkesrådmannen innan ein frist som vert fastsett av fylkesutvalet.
- Fylkesutvalet kan fremje saker for fylkestinget fram til tingseta er sett, så sant saka har kome på fylkesutvalet si sakliste i samsvar med reglement for dette.
- Fylkesrådmannen har sekretariats ansvaret for fylkestinget. Han førebur sakene til utvalet og har ansvaret for at sakene er forsvarleg utgreidde. Vidare har han ansvaret for at vedtaka vert iverksette.
- Fylkesutvalet har fullmakt til å fastsetje møtetidspunkt og møtestad.
- Fylkesordføraren set opp sakliste for det enkelte møtet.
- Møta i fylkestinget vert leia av fylkesordføraren eller fylkesvaraordføraren.
- Fylkestinget vert kalla inn skriftleg med minst 8 dagars varsel.
- Fylkestinget kan gjere vedtak når minst halvparten av medlemene er til stades og har røysta.
- Vedtak vert gjort med vanleg fleirtal dersom anna ikkje er bestemt i kommunelova. Dersom røystene står likt er leiaren si røyst avgjerande.
- Møta vert haldne for opne dører, men likevel slik at saker merka "lukka" (ikkje offentleg) i saklista vert handsama i lukka møte.
Medlemer og varamedlemer har teieplikt om det dei får vite om einskilde personar, verksemder m.v. dersom opplysningane er underlagt teieplikt.
For medlemene sin habilitet gjeld reglane i forvaltningslova kap II og kommunelova § 40, nr 3. medlemer som er ugilde deltek ikkje ved handsaminga av saka og forlet møtet dersom det er eit lukka møte.
Kvar fylkestingsmedlem kan setja fram førespurnader (spørsmål og interpellasjonar) til fylkesordføraren i møtet, også om saker som ikkje står på saklista.