blank Fossefall blank
Tilrettelegging for miljøvenleg vasskraft
Fylkeskommunen har starta arbeid med Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging. Vi legg opp til ei framdrift som gjer at planen kan vedtakast i desember 2009. Det er laga eit planprogram, som definerer kva innhald planen skal ha. Dette finn du nedanfor.

Målet med planarbeidet er å samle kunnskap om viktige regionale og nasjonale verdiar i mulege utbyggingsområde, for deretter å fastsette retningsliner som sikrar at desse verdiane vert teke omsyn til, ved handsaming etter vassdragslovgjevinga. Planarbeidet skal også på eit overordna nivå synleggjere dei positive verknadene av vasskraftutbygging.
 
I planprogrammet har vi definert følgjande hovudinnhald for planen:
 
”Faktadel”:
- Bakgrunn og innleiing
- Tematiske kart og tekstdel, ut frå eksisterande kunnskap, med vekt på nasjonale og regionale verdiar
- Syne kor det eksisterer tilgjengeleg kunnskap, kvalitet og kor det er naudsynt å sikre seg at det vert etablert ny kunnskap, som grunnlag for handsaming etter vassdragslovgjevinga.
- Avgrense delområde med stor samla verdi av kartlagde tema
 
”Regionale retningsliner (politisk del)”:
- Utforme retningsliner for planlegging og etablering av vasskraftverk i Sogn og Fjordane
 
Medverknad
Før planprogram vart vedteke hadde eit framlegg vore ute til høyring (sjå arkivartikkel, nedanfor). Det kom inn 17 høyringssvar. De finn eit samandrag av desse, med våre kommentarar, nedanfor. Framlegg til plan vil også bli lagt ut til offentleg ettersyn/høyring, før planen vert vedteken. Dette vil bli annonsert i aviser og på våre heimesider. I samband med høyring vil det også bli halde opne informasjonsmøte.
 
Dei som har interesse av det kan elles følgje planarbeidet gjennom deltaking i referansegruppe. Referansegruppa har, mellom anna, tilgang til eit prosjektrom på Internett. Vi oppdaterer prosjektrommet kontinuerleg, med informasjon som er relevant for planarbeidet. Gje melding til prosjektleiar Joar Helgheim (joar.helgheim@sfj.no) dersom du vil vere med i referansegruppa.
 
Bakgrunn
Regjeringa har, i Soria Moria-erklæringa, sagt:
”at fylkeskommunene, i samarbeid med berørte fagetater, skal utarbeide fylkesvise planer for bygging av småkraftverk, som sikrer at ikke naturmangfold, friluftsliv eller store landskapsverdier går tapt” (s. 53).
 
Småkraftverk produserer fornybar energi og er eit positivt tilskot til kraftmarknaden. I tillegg kan slike kraftverk medverke positivt til lokal næringsutvikling, busetjing og drift på gardsbruk. Men vasskraftutbygging kan kome i konflikt med andre samfunnsinteresser, og det er difor trong for å kartlegge desse.
For meir informasjon kontakt:
Joar Helgheim, prosjektleiar for planarbeidet
e-post: joar.helgheim@sfj.no, tlf. 57 82 50 08.
 
 
 
 

Publisert av: Joar Helgheim
Dato: 12. oktober 2009 - kl. 11:41


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 02/03/2012