Vestlandet
- Ein attraktiv region for folk og næringsliv.
- Ein region med høg verdiskaping, basert på våre unike ressursar, i tråd med folket og næringslivet sitt behov.
- Ein region med aktivt folkestyre, god forvaltning og nærleik til avgjerdsprosessane.
Vestlandsrådet er eit interfylkeskommunalt samarbeidsråd, og er drive av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane fylkeskommunar og Møre og Romsdal fylke.
Vestlandsrådet består i alt av 20 personar, 5 frå kvart fylke. Representantane er valde av og blant fylkestinget sine medlemar. Leiinga av Vestlandsrådet skal gå på omgang med intervall på eitt år. Fylkesordføraren i det fylket som har leiarskapen, er leiar for rådet. Fylkesrådmannen i det same fylket har ansvar for å leia sekretariatet, og har også innstillingsretten til rådet. Det daglege ansvaret for rådet si verksemd blir utført av ei sekretariatsgruppe med eit medlem frå kvart fylke, og av fire ansvarsgrupper, eitt innan kvar av satsingsområda i handlingsplanen.
Mål for Vestlandsrådet
Fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom forpliktande samarbeid innan nærare definerte område:
- Styrke utviklinga til beste for dei som bur i regionen
- Løyse felles utfordringar for Vestlandet
- Aktivt påverke statlege rammeføresetnader
- Kunne overta fleire og meir omfattande oppgåver som betre vil finna si løysing gjennom lokal kunnskap.
Eit slikt utviklingsorientert, faglig og politisk samarbeid skal styrkje Vestlandsregionen både nasjonalt og internasjonalt.
Sjå Vestlandsrådet sine nettsider.